Etteroppgjer for uførepensjon / etteroppgjør
Dersom inntekta som blei brukt ved berekning av uførepensjon, avvik frå inntektsopplysingane frå skatteoppgjeret, vil det bli eit etteroppgjer.
Etteroppgjeret skal skje etter at skatteopplysingane for det aktuelle året ligg føre.
Dersom etteroppgjeret viser at du har fått for mykje utbetalt i uførepensjon, vil du få eit krav om å betale tilbake. Har du fått for lite utbetalt, får du etterbetalt uførepensjon. Oppgjeret er objektivt - det er altså inga vurdering av skuld.