Inntekt
Med inntekt meiner vi pensjonsgivande inntekt i folketrygda.
Det er skattestyresmaktene som fastset om inntekta er pensjonsgivande eller ikkje.
Pensjonsgivande inntekt vil hovudsakleg vere
- arbeidsinntekt
- næringsinntekt dersom skattestyresmaktene definerer det som skattbar inntekt
Ønskjer du meir informasjon om pensjonsgivande inntekt i folketrygda, sjå folketrygdlova.
Ikkje all pensjonsgivande inntekt i folketrygda er pensjonsgivande inntekt i Statens pensjonskasse. Det vil seie at pensjonsgivande inntekt i folketrygda ikkje alltid medfører rettar i Statens pensjonskasse.