Ord og uttrykk

Særalderspåslag

Særalderspåslag er eit livsvarig tillegg til alderspensjonen for personar med særaldersgrense (aldersgrense lågare enn 70 år). Gjeld for dei som er fødde i 1963 eller seinare.

Dei som har særaldersgrense har kortare tid til å tjene opp til pensjon enn dei som har vanleg aldersgrense. Særalderspåslaget kompenserer for manglande pensjonsopptening for dei som må eller vel å slutte tidleg.

Særalderspåslaget utgjer ein prosentdel av pensjonsgrunnlaget i stillinga med særaldersgrense. Storleiken på prosentdelen er knytt til aldersgrensa.

  • 65 år: 5,8 prosent av pensjonsgrunnlaget i stillinga med særaldersgrense
  • 63 år: 6,5 prosent av pensjonsgrunnlaget i stillinga med særaldersgrense
  • 60 år: 7,7 prosent av pensjonsgrunnlaget i stillinga med særaldersgrense

Meir om særalderspåslag