Tidlegpensjon / tidligpensjon
Tidlegpensjon er ei yting for deg som har særaldersgrense og må slutte å arbeide tidlegare enn andre fordi jobben er fysisk eller psykisk krevjande. Ho gjeld for dei som har 60- eller 63-års aldersgrense, og for dei som har 65-års aldersgrense og er fødde i 1963 eller 1964.
Tidlegpensjon er ei yting for deg som har særaldersgrense og må slutte å arbeide tidlegare enn andre fordi jobben er fysisk eller psykisk krevjande. Ho gjeld for deg som har særaldersgrense 60 eller 63 år, og for deg som har særaldersgrense 65 år og er fødd i 1963 eller 1964.
Tidlegpensjon blir betalt ut frå du når særaldersgrensa di og fram til du går over til vanleg alderspensjon. Ho skal erstatte inntektstapet når du sluttar heilt eller delvis før vanleg pensjonsalder.
Er du fødd i 1962 eller før, gjeld særalderspensjon etter det gamle regelverket.