Vilkårsbunden tenestepensjon / betinget tjenestepensjon
Vilkårsbunden tenestepensjon (betinget tjenestepensjon) er ei yting som tenes opp etter visse reglar og som kjem i tillegg til alderspensjon frå SPK og folketrygda. Ordninga gjeld dei som er fødd i 1963 eller etter, og som ikkje har rett til livsvarig AFP.
Dei som er fødde i 1963 eller etter, og som ikkje fyller krava til livsvarig AFP, kan ha rett til vilkårsbunden tenestepensjon i staden for AFP. Vilkåsbunden tenestepensjon er som regel et lågare beløp enn livsvarig AFP.
Vilkårsbunden tenestepensjon kjem i tillegg til alderspensjon frå SPK og folketrygda og er ei livsvarig utbetaling.
Opptening til vilkårsbunden tenestepensjon starta 1.1.2020 og gjeld for medlemmer i SPK fødde i 1963 eller etter. Du tener opp retten fram til og med månaden du fyller 62 år, og du kan starte uttak av ytinga når du er mellom 62 og 70 år.