Bustadlån

Kven kan få bustadlån i SPK?

Som medlem kan du søke om bustadlån i Statens Pensjonskasse, føresett at du fyller visse vilkår. Her forklarer vi vilkåra knytte til SPK-medlemskapen, og kva som skjer med lånet ditt ved endringar i jobbsituasjonen din.

Kven er medlem i SPK?

Du er automatisk medlem i Statens pensjonskasse (SPK) om du er ansatt i staten eller i det offentlege skoleverket. Du er også medlem dersom du er  

  • pensjonist (frå stilling som gir SPK-medlemskap)  
  • statsråd  
  • stortingsrepresentant  

Kor mykje kan eg låne som medlem i SPK?

Som medlem i SPK kan du søke om inntil 2 300 000 kroner i bustadlån.

Kor mykje kan vi låne når vi er to medlemmer i husstanden?

Er de to medlemmer i husstanden kan de søke om inntil 2 300 000 kroner kvar. De sender inn to separate søknader, men søknadene vil bli vurderte saman. 

De er ansvarlege for kvart dykkar lån og det blir to etableringsgebyr, men berre eitt tinglysingsgebyr. De vel sjølv beløpet kvar person skal søke om, dersom de ikkje skal ha maksimal lånesum.  

Kva skjer når ektefelle/sambuar ikkje er SPK-medlem?

Det er berre medlemmer i SPK som kan søke om lån. Den i husstanden som er medlem, er ansvarleg for lånet. Ektefelle/sambuar har dermed ikkje gjeldsansvar overfor SPK. Har de felles bustad, må ektefelle/sambuar likevel godkjenne at vi tek pant i bustaden – dette blir kalla realkausjon.  

Sjølv om ektefelle/sambuar ikkje har gjeldsansvar, må vi ha dokumentasjon på inntekt/gjeld for begge, slik at vi kan vurdere husstandens samla økonomi.  

Kan deltidstilsette, vikarar og lærlingar søke om lån i SPK?

  • Deltid 
    Frå og med 1. januar 2025 kan du søke om bustadlån hos oss sjølv om du jobbar i ei stilling som er mindre enn 20 prosent. 
  • Vikariat
    Mellombels tilsette medlemmer som har eit engasjement på minimum eitt år frå søknadstidspunktet, kan søke om lån. Tilsettingstida må dokumenterast med kopi av tilsettingsavtala. 
  • Lærling  
    Lærlingar kan ikkje søke om bustadlån frå oss. 

Kva skjer om eg sluttar i ei stilling med medlemskap i SPK?

Dersom du sluttar/byter jobb og mistar medlemskapet i SPK, mistar du også retten til å behalde lånet ditt til ordinære vilkår. 

Du kan behalde lånet til mindre gunstige vilkår. Renta blir då oppjustert med to prosentpoeng og eventuell avdragsfridom fell bort. Dette skjer tre månadar etter varsla renteendring. Om du ikkje aksepterer dei endra vilkåra, blir bustadlånet sagt opp med tre månaders varsel.  

Begynner du i ei stilling med rett til medlemskap att, må du ta kontakt med oss så vi kan justere ned renta med to prosentpoeng. Send ein e-post til stillingsendring@spk.no - merk meldinga med lånenummeret ditt. 

Kva skjer om eg sluttar i ei stilling med medlemskap i SPK på grunn av omstilling?

Sluttar du i ei stilling som følge av eit vedtak om omstilling, kan du behalde lånet ditt som om medlemskapet ditt var uendra. Du kan likevel ikkje søke om nytt lån. Vi treng dokumentasjon frå arbeidsgivaren din på vedtaket.  

Kva skjer om eg tar permisjon frå ei stilling med medlemskap i SPK?  

Du kan søke om bustadlån hos oss sjølv om du er i permisjon (i samsvar med permisjonsavtalen). 

Når du er i permisjon i samsvar med permisjonsavtalen i staten, blir medlemskapet oppretthaldt i permisjonen og du beheld lånet til vanlege vilkår. Det er arbeidsgivar som fastset om permisjonen er i samsvar med permisjonsavtalen eller ikkje.  

Kva skjer om eg blir ufør? 

Du kan søke om bustadlån hos oss sjølv om du mottek uførepensjon.

Dersom du går frå eit arbeidsforhold med rett til medlemskap til å motta heil eller delvis uførepensjon frå oss, beheld du bustadlånet ditt hos oss til same vilkår.

Har du tidlegare vore medlem i SPK og no mottek uførepensjon, kan du ikkje søke om lån hos oss.

Kva skjer når eg pensjonerar meg frå ei stilling med medlemskap i SPK?

Du kan behalde lånet ditt hos oss til uendra vilkår når du blir pensjonert frå ei stilling med medlemskap i SPK. Er du pensjonist frå ei stilling som gir SPK-medlemskap, kan du fortsatt søke om bustadlån hos oss.

Kva skjer når ektefelle med SPK-medlemskap døyr?

Dersom bustadlånet stod på ektefellen din og ho/han døyr, kan du søke om å ta over lånet. Dette gjeld anten du har krav på attlevandepensjon frå SPK eller ikkje. 

Mottek du attlevandepensjon kan du søke om nytt lån på lik linje med andre medlemmar. Dersom du ikkje mottek attlevandepensjon, kan du ikkje gjere endringar på lånet eller søke om nytt lån.

Bustadlånsordninga i SPK krev sikkerheit i eigen bustad

Du må bu og ha folkeregistrert adresse i bustaden du har stilt som sikkerheit. Vi gir ikkje lån til kjøp av bustad nummer to eller bustad som skal leigast ut.  

Du må gi oss beskjed om du skal du flytte frå bustaden din. Lånet blir sagt opp med tre månaders varsel. Du kan eventuelt søke om lån med sikkerheit i ny bustad.  

Kan eg få dispensasjon frå buplikta? 

Du kan få dispensasjon frå buplikta i inntil eitt år, i særlege tilfelle i lengre tid. Du må søke skriftleg om dispensasjon. Du kan for eksempel få dispensasjon om du skal:

  • flytte på grunn av beordring  
  • flytte fordi du er tilsett i utanrikstenesta (vi må ha kopi av vedtaket/tilsettingsvilkåra for beordringa)