Mindre skatt i desember
Året 2023 går mot slutten, og som vanleg er det lågare skatt i desember – også på pensjonsytingar.
Publisert 16.11.2023
Desember er en litt annleis månad. Alderspensjon, AFP og gjenlevandepensjon blir utbetalt utan skattetrekk, medan uførepensjonen blir skatta halvparten av det vanlege.
Det er NAV som utbetalar AFP, alderspensjon, gjenlevandepensjon og uførepensjon på vegner av oss. Dei syrgjer også for korrekt skattetrekk.
Utbetalinga frå NAV skjer den 12. desember.
Les meir om skatt og pensjon på NAV sine nettsider:
https://www.nav.no/no/person/innhold-til-person-forside/nyttig-a-vite/utbetalingsdatoer-og-skattetrekk-i-juni-og-desember
Sjå ein oversikt over utbetalingsdatoar her: Utbetalingsdatoer