Gradvis høgare pensjonsalder
Regjeringa foreslår å gradvis heve pensjonsalderen for alle som er fødde i 1964 og seinare. Dette er eit av fleire forslag i ei ny stortingsmelding om pensjon. Målet er at vi skal få eit endå meir rettferdig og berekraftig pensjonssystem i Noreg.
Fredag 15. desember la regjeringa fram ei stortingsmelding der dei foreslår å heve aldersgrensene i pensjonssystemet, sikre betre alderspensjon for uføre og endre regulering av minstesatsane for å sikre at dei held oppe verdien over tid. Forslaga er i tråd med tilrådingane til Pensjonsutvalget som vart lagde frami juni i fjor.
Stortingsmelding "Et forbedret pensjonssystem med styrket sosial profil"
Høgare pensjonsalder for alle som er fødde i 1964 og seinare
I dag har alle rett til å ta ut alderspensjon frå 67 år. Regjeringa foreslår å erstatte denne faste aldersgrensa med ein bevegeleg pensjonsalder som aukar i takt med høgare forventa levealder.
Det betyr at du må jobbe lenger for å få same pensjon som dei som er eldre enn deg. Og at tidspunktet for når kvar enkelt kan starte å ta ut pensjon vil endre seg over tid.
Pensjonsalderen vil med forslaget bli heva med ein til to månader for kvart årskull. Du som er fødd i 1974 kan dermed tidlegast starte uttak av alderspensjon når du fyller 63 år.
– Viss ikkje vi gjer dette, vil dagens yrkesaktive kunne ta ut alderspensjon for tidleg og få ein urimeleg låg pensjon. På sikt vil ikkje dette vere berekraftig. Derfor er regjeringa med i den breie semja om at vi må stå litt lenger i jobb etter kvart som vi lever lenger, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna i pressemeldinga om stortingsmeldinga.
Betre alderspensjon for uføre
Regjeringa foreslår også at uførepensjonistar skal kunne tene opp til alderspensjon i folketrygda fram til 65 år. I dag stoppar oppteninga for mottakarar av uføretrygd når dei fyller 62 år. I tillegg skal uførepensjonistane delvis skjermast for verknadene av levealdersjustering.
Betre regulering av minstepensjonar
Ytingane til minstepensjonistar skal regulerast på ein betre måte, slik at dei som er minstepensjonistar får meir i pensjon. I dag blir minstesatsane i folketrygda regulert med gjennomsnitt av pris- og lønnsvekst. No foreslår regjeringa at desse satsane blir regulert i takt med lønnsveksten.
Utval som skal jobbe med løysing for «slitarane»
Regjeringa vil jobbe vidare med løysingar for dei som har fysisk krevjande yrke og ikkje greier å jobbe lenger, sjølv om levealderen aukar.
– Vi skal setje oss saman med partane i arbeidslivet, både arbeidstakarsida og arbeidsgivarsida, og sjå på ulike løysingar saman. Det viktigaste er at folk skal ha tryggleik inn i alderdommen, uansett helse og yrke, seier Brenna.