Tomas Berg held fram som administrerande direktør i Statens pensjonskasse
Han er tilsett for ein ny åremålsperiode på seks år.
– Eg er glad for at Tomas Berg vel å halde fram som administrerande direktør i Statens pensjonskasse. Det gir god kontinuitet i SPKs arbeid med å innføre ny offentleg tenestepensjon. Målet er å leggje til rette for at folk kan stå lenger i arbeid, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Berg har vore administrerande direktør i SPK sidan 2020. Han kom frå stillinga som ekspedisjonssjef og leiar av pensjonsavdelinga i Arbeids- og sosialdepartementet, der han i mange år leidde arbeidet med pensjonsreforma. I SPK har han leidd verksemda gjennom innføringa av ny offentleg tenestepensjon, den største endringa i SPKs meir enn hundre år historie.
– Eg ser fram til å halde fram arbeidet med å utvikle SPK vidare. Vi har dyktige medarbeidarar og sterke fagmiljø. Saman skal vi halde fram med å levere tenester som gir folk god oversikt og tryggleik i eigne pensjonsval, seier Berg.