Trygg pensjon i urolege tider
Verken børsuro, renteendringar eller andre svingingar i finansmarknadene påverkar pensjonen i Statens pensjonskasse (SPK).
– Mange spør oss om dei må ta investeringsval for pensjonen sin. Med offentleg tenestepensjon treng du ikkje bekymre deg for at pensjonen blir påverka av verdssituasjonen, seier pensjonsekspert Svein Rasmussen i SPK.
1,2 millionar offentleg tilsette har pensjon i SPK.
– Offentleg tenestepensjon i SPK blir ikkje investert i aksjar eller fond, og blir derfor ikkje påverka av svingingar i aksjemarknaden.
Pensjonen aukar årleg i takt med den generelle lønnsveksten i samfunnet.
– I SPK treng du altså ikkje å følgje med på marknaden, eller ta stilling til korleis pengane skal investerast. Pensjonen din er trygg, føreseieleg og ikkje minst livsvarig, seier Rasmussen.
I tillegg til den årlege reguleringa, er det to måtar å påverke pensjonen sin på: jobbe lengst mogleg, og vente med å ta ut pensjonen. Dette gjeld både offentleg og privat sektor.
– Sjekk kva du kan få ved å bruke pensjonskalkulatoren på spk.no. Der kan du sjå korleis ulike val påverkar pensjonen din, tilrår Rasmussen.
Pensjonssparing i SPK
- Pensjonene i SPK er ikkje plassert i aksjar eller fond. Den er statsgarantert.
- Pensjonsparinga blir regulert årleg i takt med lønnsveksten.
- Offentleg tilsette slepp å ta investeringsval, eller velje risikoprofil.
- Det er mogleg å påverke storleiken på pensjonen ved å jobbe lenger og vente med å ta ut pensjonen.
- Offentleg tenestepensjon er livsvarig.
Logg inn for å se hva du får i pensjon
- I pensjonskalkulatoren ser du hvor mye pensjon du har tjent opp til nå.
- Du kan simulere årlig alderspensjon og AFP hvis du fortsetter i samme jobb framover. Tall fra folketrygden (Nav) er også inkludert.
- Du får oversikt over hvordan du kan kombinere jobb og pensjon, og se hvordan ulike valg påvirker pensjonen din.
- Du kan sjekke om arbeidsforholdene dine er registrert med riktig lønn og stillingsprosent.
- Du kan søke om pensjon via pensjonskalkulatoren tidligst fire måneder før du fyller 62 år.