Personvernerklæring

9. Bruk av våre nettløsninger

SPK bruker eigne nettsider, Pensjonsbloggen og sosiale medium for å informere og rettleie medlemene våre. Det er heilt frivillig å oppgi personopplysningar når du besøker sidene våre. Dersom du bruker kontaktskjema treng vi e-postadressa di for å kunne svare deg. Behandlinga av opplysningane byggjer på samtykket ditt, med mindre noko anna er spesifisert.

Verktøy vi bruker

  • Piwik PRO: Styrer samtykke til informasjonskapslar og analyserer bruk. Les meir om personvern hos Piwik PRO.
  • Silktide: Kontrollerer kvalitet (som stavefeil og øydelagde lenker) og analyserer bruk. Les meir om personvern hos Silktide.

På innlogga sider – "Min side" og "Min virksomhet"

På dei innlogga sidene "Min side" og "Min virksomhet" bruker vi desse verktøya:

  • SurveyXact: Blir brukt til å innhente samtykke til brukarundersøkingar, og til å sende ut brukarundersøkingar via e-post og SMS til dei som har gitt samtykke. Les meir om personvern hos SurveyXact.
  • Hotjar: Samlar inn anonyme tilbakemeldingar for å gjere tenestene betre. Les meir om personvern hos Hotjar.
  • Bunny.net: Leverer delar av dei innlogga tenestene våre raskare. Tenesta bruker IP-adressa di for å levere innhaldet, men lagrar ho ikkje. Eventuell lagring av andre opplysningar skjer berre innanfor EU/EØS. Les meir om personvern hos Bunny.net.

Personvern og tryggleik

I analyseverktøya våre anonymiserer vi IP-adresser før dei blir lagra, slik at dei ikkje kan sporast tilbake til deg. Vi respekterer også "Do Not Track"-innstillinga i nettlesaren din.

Tilbakemeldingar og kurs

  • Funksjonen "Fant du det du leitte etter?" lar deg sende anonyme tilbakemeldingar. Ikkje oppgi personopplysningar her. Treng du å kontakte oss, kan du velje "skriv til oss" nedst på sida, logge inn på Min side og bruke kontaktskjemaet.
  • Ved kursregistrering lagrar vi opplysningar for administrasjon. Desse blir sletta etter 6 månader.

Pensjonsbloggen og sosiale medium

  • Vi bruker Pensjonsbloggen til å informere om pensjon. Om du melder deg på nyheitsbrevet, lagrar vi e-postadressa di for å sende varsel når nye innlegg blir publiserte.
  • Du kan kommentere på bloggen, men ikkje oppgi personlege opplysningar.
  • Vi bruker LinkedIn til informasjon, men får ikkje tilgang til private opplysningar.

Informasjonskapslar (cookies)

Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir lagra på eininga di når du besøkjer nettsida vår. Vi bruker nødvendige informasjonskapslar for at nettsida skal fungere og vere sikker. Med ditt samtykke bruker vi også informasjonskapslar for å samle statistikk og forbetre nettsida.

Du kan velje å godta alle informasjonskapslar eller berre dei nødvendige. Du kan endre vala dine når som helst ved å klikke på ikonet nedst til venstre på nettsida. Du finn meir informasjon om å styre informasjonskapslar på Nettvett.no.

Oversikt over informasjonskapslar

I samtykkeløysinga finn du informasjon om informasjonskapslane vi bruker. Tabellen under viser nokre av dei viktigaste informasjonskapslane på spk.no. Andre informasjonskapslar kan bli brukte når du nyttar bestemte tenester eller funksjonar.

Kapselnamn Utløpstid Løysing Skildring
.AspNetCore.Antiforgery Session SPK.no / Optimizely Beskyttar nettsida mot falske førespurnader og misbruk.
EPIStateMarker Session Optimizely Blir brukt av Optimizely til å styre lagring av informasjon under eit besøk.
_pk_id.* 13 månader Piwik PRO Registrerer ein unik besøks-ID som blir brukt til statistikk om bruken av nettsida. Krev samtykke.
_pk_ses.* 30 minutt Piwik PRO Blir brukt til statistikk om aktiviteten under eit besøk. Krev samtykke.
ppms_privacy 12 månader Piwik PRO Lagrar vala dine for informasjonskapslar, slik at vi kan respektere samtykket ditt.
spk_login_session Session SPK Blir brukt til å halde deg innlogga medan du nyttar dei innlogga tenestene våre.
stg_last_interaction 12 månader Piwik PRO Registrerer tidspunktet for siste aktivitet på nettsida. Blir brukt til å skilje mellom besøksøkter.

Namn på enkelte informasjonskapslar kan ha ekstra teikn eller ID-ar som varierer mellom ulike løysingar.