Kva kan du låne til?

Som medlem av Statens pensjonskasse kan du søke om lån til å kjøpe ny bustad, refinansiering og oppussing, samt lån i samanheng med skifte- og arveoppgjer. Du kan låne inntil 2 300 000 kroner, og vi treng ikkje førsteprioritet.

Publisert 15.11.2021
presentasjon

Slik låner du til ny bustad

Når du har fått tilslag på bustaden, kan du søke om lån til kjøp av bustaden hos oss. Du kan låne inntil 2 300 000 kroner, og vi treng ikkje førsteprioritet.

  • Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår.
  • Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån.
  • Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender vi deg svar i posten når du får tilbod om lån

Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål om å ta opp lån. Vi vil ta kontakt med deg når vi mottek og behandlar søknaden din.

Berre til kjøp av eigen bustad

Du kan berre søke om lån til kjøp av eigen bustad. Som eigen bustad reknast bustad der du har den folkeregistrerte adressa di. Vi finansierer ikkje lån til kjøp av bustad som du sjølv ikkje skal bu i.

Finansieringsbevis

Vi tilbyr ikkje finansieringsbevis. Du må derfor ta kontakt med banken din for å få det. Sjølv om du ber om finansieringsbevis i banken din, treng du ikkje ta opp lån der. Eit finansieringsbevis er ikkje det same som ei lånetilsegn.

Mellomfinansiering

Vi tilbyr ikkje mellomfinansiering. Mellomfinansiering er finansiering av den nye bustaden din før du har fått oppgjer for den gamle bustaden. Meir om mellomfinansiering.

Ikkje lån til hytte eller bygging av ny bustad

Vi kan ikkje gi lån til kjøp av hytte eller annan fritidsbustad, eller byggelån for å bygge ny bustad.

Refinansiering og oppussing

Dersom du har lån i ein annan bank, kan du flytte det til oss.

  • Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår.
  • Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån.
  • Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender vi deg svar i posten når du får tilbod om lån.

Når lånedokumenta er signerte, blir pantedokumentet klargjort for tinglysing hos Statens kartverk. Når dokumentet er tinglyst, blir lånet ditt formelt flytta til oss.

Samle lånet hos oss

Dersom du har lån hos oss og i ein annan bank og ønsker å refinansiere slik at alt lån blir samla her, kan du gjere det slik:

  • Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår.
  • Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån.
  • Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender vi deg svar i posten.

Det kan hende at vi ber om same informasjon som vi gjorde sist du fekk lån. Årsaka til at vi spør på nytt, er at skattemeldinga og lønnsslippen kan vere utdaterte. Lånet ditt blir utbetalt direkte til annan långivar.

Skal du pusse opp?

Du kan søke om lån til oppussing og rehabilitering av bustaden din. I tillegg kan du søke om lån til blant anna bygging av garasje, samt oppgradering av uteområda. Vi gir ikkje lån til bygging av bustad. Fyll ut søknadsskjemaet som vanlig, og ta med informasjon om kva slags utbygging som skal utførast. Slik søker du:

  • Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår
  • Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån.
  • Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender vi deg svar i posten. Du må returnere lånetilbodet saman med dokumentasjon vi ber om.

Slik låner du til skifteoppgjer

Du kan søke om lån i samanheng med skifteoppgjer og arveoppgjer. Du kan låne inntil 2 300 000 kroner, og vi treng ikkje førsteprioritet.

Skifteoppgjer ved skilsmisse

  • Du kan søke om lån i samanheng med skifteoppgjer. Lånet skal ha til formål å kjøpe tidlegare ektefelle/sambuar ut av bustaden. Dette må dokumenterast med kopi av skifteavtalen der vi kan sjå overtakingssummen.
  • Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår
  • Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån.
  • Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender deg vi deg svar i posten når du får tilbod om lån.

Vi vurderer søknaden når han kjem inn, og behandlar han så raskt som mogeleg.

Arveoppgjer

Du kan søke om lån i samanheng med arveoppgjer. Vi gir berre lån til arveoppgjer dersom du skal bu permanent i bustaden du søker om lån til.

  • Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår
  • Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån.
  • Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender vi deg svar i posten når du får tilbod om lån.

Vi gir ikkje lån til forskott på arv. Vi vurderer søknaden når han kjem inn, og behandlar han så raskt som mogeleg.

Lån ved flytting av arbeidsplass

Kjøper du ny bustad som følgje av at arbeidsplassen din er flytta, kan du søke om ytterlegare 750 000 kroner i lån hos oss. Da kan du låne inntil 3 050 000 kroner.

Slik søker du:

  • Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår.
  • Vel låneformål «kjøp».
  • Maksimalt lånebeløp i låneordninga er 2 300 000, dette er også ei avgrensing i utfyllinga av lånesøknaden. Hugs at du må informere om at du søker om utvida låneramme i kommentarfeltet.
  • Last opp skattemelding og lønnsslipp for husstanden.
  • Vi treng også dokumentasjon frå arbeidsgivaren din om flytting av arbeidsplass.
  • Når søknaden er mottatt, blir den vurdert av ein saksbehandlar hos oss.
  • Vi sender deg eit lånetilbod som du må signere med BankID,