Boliglån

Kva kan eg låne til?

Som medlem kan du søke SPK om lån til å kjøpe ny bustad, lån til refinansiering og oppussing, samt lån i samband med skifte- og arveoppgjer. Vi tilbyr ikkje rammelån.

Far og sønn ser inn i stekeovnen mens de smiler. Foto.

Slik låner du til ny bustad

Når du har fått tilslag på ein bustad, kan du søke om lån til kjøp av bustaden hos oss. Du kan låne inntil 2 300 000 kroner, og vi treng ikkje førsteprioritet. Er to i husstanden medlemmar i SPK, kan de låne inntil 2,3 millionar kroner kvar.

Lånet i SPK kan også vere ei delfinansiering som du kan kombinere med lån i en annan bank.

Søknadsprossen:

  1. Fyll ut lånesøknaden
  2. Hugs å sende inn søknaden så snart som mogleg – seinast 3-4 veker før overtakinga.
  3. Vi tar kontakt med deg når vi behandlar søknaden din.
  4. Du får ein e-post fra oss når du skal signere lånedokumenta. Har du ikkje valt elektronisk signatur, får du lånedokumenta i posten.
  5. Når alt er klart, utbetaler vi lånet til meklar i god tid før overtakinga. 

Vi tilbyr ikkje finansieringsbevis eller mellomfinansiering

Vi tilbyr ikkje finansieringsbevis. Du må derfor ta kontakt med banken din for å få det. Sjølv om du ber om finansieringsbevis i banken din, treng du ikkje ta opp lån der. Eit finansieringsbevis er ikkje det same som ei lånetilsegn.

Vi tilbyr ikkje mellomfinansiering. Mellomfinansiering er finansiering av den nye bustaden din før du har fått oppgjer for den gamle bustaden. 

Du kan berre låne til kjøp av eigen bustad

Du kan berre søke om lån til kjøp av eigen bustad. Som eigen bustad reknast bustad der du har den folkeregistrerte adressa di. Vi finansierer ikkje lån til kjøp av bustad som du sjølv ikkje skal bu i.

Ikkje lån til hytte eller bygging av ny bustad

Vi gir ikkje lån til kjøp av hytte eller annan fritidsbustad, eller byggelån for å bygge ny bustad.

 

Slik refinansierer / flytter du lånet ditt 

Flytte lån frå annan bank til oss

Har du lån i ein annan bank, kan du flytte heile eller deler av lånet inntil 2,3 millionar kroner til oss.

Refinansiere slik at alt lån blir samla hos oss

Har du lån både hos oss og i ein annan bank, kan du samle alt til eitt lån hos oss.

Søknadsprosessen:

  1. Fyll ut lånesøknaden
  2. Vi tar kontakt med deg når vi behandlar søknaden din.
  3. Du får ein e-post fra oss når du skal signere lånedokumenta. Har du ikkje valt elektronisk signatur, får du lånedokumenta i posten.
  4. Når alt er klart, utbetaler vi lånet til banken din og lånet blir formelt flytta til oss.

 

Slik låner du til oppussing 

Du kan søke om lån til oppussing av bustaden din. I tillegg kan du søke om lån til blant anna bygging av garasje, samt oppgradering av uteområda. Vi gir ikkje lån til bygging av bustad.

Søknadsprosessen:

  1. Fyll ut lånesøknaden Ta med informasjon om kva oppussing du skal låne til.
  2. Vi tar kontakt med deg når vi behandlar søknaden din.
  3. Du får ein e-post fra oss når du skal signere lånedokumenta. Har du ikkje valt elektronisk signatur, får du lånedokumenta i posten.
  4. Når alt er klart, utbetaler vi lånet til kontoen din. 

 

Slik låner du til skifte- og arveoppgjer

Du kan søke om lån i samanheng med skifteoppgjer og arveoppgjer. Du kan låne inntil 2 300 000 kroner, vi treng ikkje førsteprioritet.

Lån til skifteoppgjer skal ha som formål å kjøpe tidlegare ektefelle/sambuar ut av bustaden. Dette må dokumenterast med kopi av skifteavtalen der vi kan sjå overtakingssummen.

Vi gir berre lån til arveoppgjer dersom du skal bu permanent i bustaden du søker om lån til.

Søknadsprosessen:

  1. Fyll ut lånesøknaden
  2. Vi tar kontakt med deg når vi behandlar søknaden din.
  3. Du får ein e-post fra oss når du skal signere lånedokumenta. Har du ikkje valt elektronisk signatur, får du lånedokumenta i posten.
  4. Når alt er klart, utbetaler vi lånet i tråd med utbetalingsfullmakta. 

 

Slik låner du til kjøp av ny bustad ved flytting av arbeidsplass

Skal du kjøpe ny bustad som følge av at arbeidsplassen din er flytta, kan du søke om ytterlegare 750 000 kroner. Da kan du låne inntil 3 050 000 kroner.

Søknadsprosessen:

  1. Fyll ut lånesøknaden Vel låneformål «kjøp». Maksimalt lånebeløp i lånesøknaden er 2 300 000. Du må derfor informere om at du søker om utvida låneramme i kommentarfeltet.
  2. Vi må ha dokumentasjon frå arbeidsgivaren din om flytting av arbeidsplass. Dokumentasjonen kan lastast opp i søknaden.
  3. Hugs å sende inn søknaden så snart som mogleg – seinast 3-4 veker før overtaking.
  4. Vi tar kontakt med deg når vi behandlar søknaden din.
  5. Du får ein e-post fra oss når du skal signere lånedokumenta. Har du ikkje valt elektronisk signatur, får du lånedokumenta i posten.
  6. Når alt er klart, utbetaler vi lånet til meklar i god tid før overtakinga.