Ord og uttrykk

Regulering av pensjon

Pensjon frå oss vert regulert 1. mai kvart år slik at verdien held seg over tid. Reguleringa skjer automatisk, og du treng ikkje gjere noko.

Det er myndigheitene som fastset grunnbeløpetGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 124 028 kroner per 01.05.2024.Mer om Grunnbeløp (G) i folketrygden (G), kor mykje og korleis pensjonane skal bli regulert. Dette skjer årleg i trygdeoppgjøret, og resultatet er normalt klart i mai månad.

Både pensjon under opptening, og utbetalt pensjon blir regulert.

Regulering av opptening til pensjon

Før du tar ut pensjon, blir pensjonsoppteninga di regulert i takt med lønsvekst. Etter at du har teke ut pensjon, kan du fortsette med å tene opp til pensjon viss du fortset å jobbe.  

Dei pensjonsdelane du allereie har tatt ut, men fortset å tene opp til, blir regulert med gjennomsnitt av pris- og lønsvekst. Dette gjeld derimot ikkje uførepensjon, som blir regulert med lønsvekst sjølv etter du har teke ut delvis pensjon.  

Slik blir offentleg tenestepensjon regulert

Pensjonsordning Korleis blir ho regulert?
Pensjonsopptening (før uttak) I takt med lønsvekst
Pensjonsopptening (etter delvis uttak og vidare arbeid) Gjennomsnitt av pris- og lønsvekst
Uførepensjon (også etter delvis uttak) Lønsvekst
Alderspensjon under utbetaling (alle typar) Gjennomsnitt av pris- og lønsvekst
– Alderspensjon for fødde 1962 eller før Gjennomsnitt av pris- og lønsvekst
– Opptent alderspensjon før 2020 Gjennomsnitt av pris- og lønsvekst
– Opptent alderspensjon frå 2020 Gjennomsnitt av pris- og lønsvekst
– AFP for fødde 1962 eller før Gjennomsnitt av pris- og lønsvekst
– Livsvarig AFP Gjennomsnitt av pris- og lønsvekst
– Særalderspensjon Gjennomsnitt av pris- og lønsvekst
– Betinga tenestepensjon (vilkårsbunden) Gjennomsnitt av pris- og lønsvekst
Overgangstillegg Bereknast av gjeldande G
Barnepensjon Lønsvekst
Ektefellepensjon (fram til 67 år) Lønsvekst
Ektefellepensjon (etter 67 år) Gjennomsnitt av pris- og lønsvekst

Eksempel på regulering 

La oss sjå på eit eksempel der personen har ein pensjon på 10 000 kroner og der gjennomsnitt av pris- og lønsvekst er 2,76 prosent og lønsveksten er berekna til 4,56 prosent. 

Pensjon regulert med lønsvekst = 100 000 x 1,0456 = 104 560 kroner
Pensjon regulert med gjennomsnitt av pris og lønsvekst = 100 000 x 1,0276 = 102 760 kroner