Alleårsregelen
Grunnprinsippet er at den totale alderspensjonen du får er bygd på all oppteninga gjennom åra som medlem i folketrygda og hos oss.
- I folketrygda gjeld alleårsregelen frå 1. januar 2011.
- I Statens pensjonskasse gjeld alleårsregelen frå 1. januar 2020.
Det betyr at jo lenger du jobbar, jo meir pensjon tener du opp. Besteårsregelen, der pensjonen blir berekna ut frå dei tjue åra med høgast løn, blir fasa ut.
Alleårsregelen gjeld kun alderspensjon og ikkje andre pensjonsytingar.
Gradvis innføring i folketrygda
Dei nye oppteningsreglane i folketrygda skal fasast gradvis inn, slik:
- Fødd i 1953 eller før
Du tener opp til pensjon på same måte som før pensjonsreforma. Du får utrekna pensjon ut frå dei tjue åra der du har hatt høgast løn – den såkalla besteårsregelenBesteårsregelenBesteårsregelen er den gamle oppteningsmodellen i folketrygda, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra du har hatt høgast løn. Besteårsregelen skal gradvis fasast ut, men gjeld framleis for nokre årskull.Mer om Besteårsregelen. - Fødd i 1954 – 1962
Du tener opp til pensjon delvis etter alleårsregelen og delvis etter besteårsregelen. - Fødd i 1963 eller etter
Alderspensjonen frå folketrygda blir opptent etter alleårsregelen. Regelen har tilbakeverkande kraft, slik at alt du har jobba i karrieren er tatt med.
Gradvis innføring i SPK
- Fødd i 1962 eller før
Du får berekna pensjon ut frå dei 30 eller 40 åra med høgast pensjonsgrunnlag – den såkalla besteårsregelenBesteårsregelenBesteårsregelen er den gamle oppteningsmodellen i folketrygda, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra du har hatt høgast løn. Besteårsregelen skal gradvis fasast ut, men gjeld framleis for nokre årskull.Mer om Besteårsregelen. - Fødd i 1963 eller etter
Pensjonen du tente opp før 1. januar 2020 blir berekna ut frå besteårsregelen. Pensjonen du tener opp frå 1. januar 2020 blir berekna etter alleårsregelen. Har du opptening både før og etter 2020, får du difor fleire pensjonar frå oss.