Forholdstal / forholdstall
Pensjonen din skal fordelast på antal år som folk i ditt årskull er forventa å leve.
Det betyr at pensjonen din blir påverka av kor gammal du er når du tar ut pensjon, og gjennomsnittleg forventa levealder for ditt årskull. Dette kallast levealdersjusteringLevealdersjusteringPensjonen du har tent opp skal fordelast på gjennomsnittlig forventa levealder for ditt årskull. Dette blir kalla levealdersjustering. Kvart årskull må jobbe lenger for å få same pensjon som dei som er eldre enn seg.Mer om Levealdersjustering.
Forholdstal - eit eksempel
Er du fødd i 1960 får du følgande forholdstal:
62 år | 1,390 |
63 år | 1,334 |
64 år | 1,277 |
65 år | 1,220 |
66 år | 1,164 |
67 år | 1,108 |
Forholdstalet ditt er avhengig av når du tar ut pensjonen din. Jo lenger du ventar med å ta ut pensjon, jo lågare blir forholdstalet – og pensjonen blir høgare. Det er fordi pensjonen du har tent opp, skal fordelast på færre år.
Kven gjeld forholdstal for?
- Alle som har offentleg tenestepensjon
- Alle som er født i åra 1943 til 1962, og som tener opp pensjon i folketrygda heilt eller delvis etter besteårsregelenBesteårsregelenBesteårsregelen er den gamle oppteningsmodellen i folketrygda, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra du har hatt høgast løn. Besteårsregelen skal gradvis fasast ut, men gjeld framleis for nokre årskull.Mer om Besteårsregelen.
Forholdstal i offentleg tenestepensjon - eit eksempel
Som medlem i Statens pensjonskasse får du 66 prosent av pensjonsgrunnlaget i alderspensjon, før levealdersjustering. Vilkåret er at du har full opptening på 30 år. Levealdersjusteringa skjer ved hjelp av eit forholdstal.
Eksempel – person fødd i 1960
- Tek ut tenestepensjon som 67-åring
- Pensjonsgrunnlag: 500 000 kroner
- Brutto pensjon (66 prosent av pensjonsgrunnlag)* = 330 000 kroner
- Forholdstal: 1,108
- Alderspensjon frå Statens pensjonskasse etter levealdersjustering* = kr 330 000 / 1,108 = 297 834 kroner per år
* Før samordning med alderspensjon frå folketrygda.
Samordna pensjon (fødd 1960)
No ser vi alderspensjonen i Statens pensjonskasse (SPK) og folketrygda samla. Pensjonane skal samordnast slik at det blir klart kor stor del Statens pensjonskasse skal betale.
Tar ut folketrygd og tenestepensjon som 67-åring | |
---|---|
Levealdersjustert bruttopensjon fra SPK | (500 000x0,66) / 1,108 = 297 834 kroner |
- Levealdersjustert samordningsfrådrag folketrygda | 199 873 / 1,108 = 180 391 kroner |
= Netto pensjon frå SPK | 297 834 - 180 391 = 117 443 kroner |
+ Levealdersjustert folketrygd | 219 677 / 1,108 = 198 264 kroner |
= samla levealdersjustert pensjon | 117 443 + 198 264 = 315 707 kroner |
I eksempla får personen 66 prosent av pensjonsgrunnlaget før levealdersjustering.
Samordningsfrådraga blir levealdersjusterte med det faktiske forholdstalet på uttakstidspunktet for tenestepensjonen.
Samordningsfrådraget blir berekna med utgangspunkt i alderspensjonen frå folketrygda. Utrekninga blir alltid gjort som om du tar ut pensjon frå oss og folketrygda samtidig.
Merk: Årskulla frå 1954 til 1962 får alderpensjon berekna etter to ulike regelverk. Alderspensjon frå SPK skal levealdersjusterast delvis med forholdstal og justeringstalJusteringstallAlderspensjonen skal levealdersjusteres slik at den enkeltes pensjon blir justert for endringer i befolkningens levealder. Da bruker vi justeringstall.Mer om Justeringstall. Det er ein glidande overgang mellom regelverka:
- 1960-årskullet får 30 prosent av pensjonen levealdersjustert med forholdstal og 70 prosent med justeringstal. Berekningane over gjeld berre den delen av pensjona som levealderjusterast med forholdstal, altså 30 prosent av den samla utbetalinga til medlemmet.
Les meir om dei nye reglane for levealdersjustering og samordning her.
Fastsetting av forholdstal
Nav utarbeider prognosar for forholdstal. Endeleg forholdstal for uttaksaldrar frå 62 til 75 år blir fastsette innan 1. juli året årskullet fyller 61 år. Forholdstal er like for kvinner og menn og ulike yrkesgrupper.
1943 er vald som utgangspunkt. Dersom ein person i dette årskullet tok ut alderpensjon ved fylte 67 år, var forholdstalet 1. Eit forholdstal som er høgare enn 1, vil gi lågare årleg pensjon enn den ville ha blitt utan dei nye fleksible uttaksreglane. Eit forholdstal som er lågare enn 1, gir høgare pensjon.
Eksempla over viser at forholdstalet for 1960-kullet er berekna til 1,108 dersom pensjonen blir teken ut ved fylte 67 år. I praksis inneber det at ein person frå dette kullet må jobbe fram til 70 år og 1 månad for å kunne ta ut den same pensjonen som ein person i 1943-kullet. Se ein oversikt over fleire årskull her.