Individuell garanti

Medlemer av offentlege tenestepensjonsordningar, som er fødde i 1958 eller før, er sikra at dei får 66 prosent av pensjonsgrunnlaget når dei fyller 67 år. For å få 66 prosent av pensjonsgrunnlaget, må du ha full oppteningstid, 30 år.

Er du fødd til og med 1958 har du ein såkalla individuell garanti. Det inneber at du får det som blir kalla eit garantitillegg for å sikre ein samla alderspensjon frå folketrygda og Statens pensjonskasse (SPK) på 66 prosent av pensjonsgrunnlaget Pensjons­grunnlag Pensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bli berekna ut frå. Mer om Pensjons­grunnlag . Vilkåret er at du har full opptening. Har du ikkje full opptening, blir garantitillegget avkorta. 

Vi bereknar garantitillegg som om du tek ut alderspensjon frå folketrygda og SPK til same tid. Om du tek ut alderspensjon frå folketrygda før du tek ut tenestepensjonen, så kan samla utbetaling bli lågare enn 66 prosent – utan at du får garantitillegg. 

Er du fødd i åra 1959–1962 har du óg individuell garanti. Men her blir garantitillegget trappa gradvis ned, slik at du ikkje er garantert 66 prosent av pensjonsgrunnlaget i pensjon. Nedtrappinga skjer gradvis med 10 prosent per årskull. Det betyr at du som er fødd i 1959 får 90 prosent og du som er fødd i 1962 får 60 prosent av garantitillegget.