Ord og uttrykk

Minstegrense

Frå 1.1.25 er det ikkje lenger ei minstegrense for medlemskap i Statens pensjonskasse. Du får pensjonsopptening uavhengig av stillingsstorleik.

Lovendringa frå 2025 har ikkje tilbakeverkande kraft.

Fram til 31.12.24 var minstegrensa for medlemskap i Statens pensjonskasse 20 prosent. 

Ein som jobba i 19,99 prosent stilling, var såleis ikkje medlem hos oss før 2025. Ein som har jobba i fleire mindre stillingar med pensjon i SPK, kan ha rett til medlemskap før 2024 om summen av stillingar var meir enn 20 prosent.