Ord og uttrykk

Særaldersgrense

Nokre stillingar har lågare aldersgrense enn 72 år. Det kallar vi særaldersgrense.

Den alminnelege aldersgrensaAldersgrenseAldersgrensa følgjer den stillinga du er tilsett i og er det tidspunktet du ikkje har krav på å fortsette i stillinga. Dei fleste stillingar har ei aldersgrense på 72 år. Mer om Aldersgrense er 72 år. Særaldersgrenser finn vi i yrke der det blir stilt særlege krav til fysiske og psykiske eigenskapar. Dei lågare aldersgrensene kan vere 65, 63 eller 60 år.

Dersom du går til ny stilling med lågare aldersgrense, må du ha minst tre år med opptening i den nye stillinga før du får rett til alderspensjon frå den nye, lågare aldersgrensa.

Viss du har ei stilling med særaldersgrense, har du frå 1. juli 2021 ikkje lenger plikt til å gå av med pensjon når du når aldersgrensa. Dette gjeld og Forsvaret frå 1.juli 2025. Du kan halda fram med å jobba fram til den alminnelege aldersgrensa i offentleg sektor. 

Retten til å gå av før den alminnelege aldersgrensa er ikkje fjerna, berre plikta. Fjerning av plikta til å gå av vil ikkje i seg sjølv ha nokon økonomisk konsekvens for deg. Reglane for berekning av særalderspensjon har ikkje vorte endra. 

Les meir om særalder her: