Slik søker du alderspensjon
Du avgjer sjølv når du ønsker å gå av med pensjon ut i frå aldersgrensa på stillinga di.
Slik er prosessen
- Finn ut saman med arbeidsgivaren din når du ønsker og har moglegheit til å gå av med pensjon.
- Seinast to månadar før du skal pensjonere deg må arbeidsgivaren din sende oss ei melding om pensjon. Pensjonsmelding kan også sendast tidlegare enn to månader før oppstart. Du treng ikkje å sende oss ein eigen søknad i tillegg til pensjonsmeldinga.
- Same kor tidleg arbeidsgivaren din sender inn ei melding om pensjon, så vil vi tidlegast stadfeste pensjonssaka seks veker før pensjoneringsdato.
- Arbeidsgivaren din mottek ei kvittering via Altinn. Du mottek ikkje ei stadfesting frå oss, men du kan sjekke om vi har oppretta sak om pensjoneringa di ved å logge deg inn på Min side.
- Hugs at du også må søke alderspensjon frå folketrygda (NAV) med minst same grad som i SPK for å få alderspensjon frå oss.
- Når søknaden om pensjon er godkjend blir alderspensjonen din utbetalt frå og med den første månaden etter pensjoneringsdato.