AFP og inntekt
I søknaden om AFP er det viktig at du gir oss beskjed om kor mykje du kjem til å tene i tillegg til pensjonen.
Dersom den reelle inntekta di vil avvike med meir enn 32 247 kroner (0,26 G per 1. januar) per år frå den sannsynlege inntekta du har oppgitt, må du sende oss skriftleg melding. Då reknar vi ut ein ny pensjonsgrad og justerer pensjonsutbetalinga. Vi gjer dette frå det tidspunktet du melder frå om endra inntekt. Vi justerer berre utbetalinga fram i tid. Om du har hatt feil AFP over tid, blir det vurdert når etteroppgjeret for inntektsåret ligg føre.
Merk at frå og med 1. januar 2025 blei grensa auka frå 15 000 kroner til 32 247 kroner (0,26 G per 1. januar).
Du må melde frå om endring i inntekt
Dersom du tener meir eller mindre enn det du oppgav då du søkte om AFP, må du melde frå om at inntekta di er endra.
- Før du fyller 65 år
Du må melde frå til Nav. Du kan sende melding via nav.no. Dei reknar då ut AFP-en din på nytt med ny pensjonsgrad. - Frå du fyller 65 år
Du må melde frå til SPK. Bruk kontaktskjemaet og opplys om ny årsinntekt. Feriepengar opptente medan du får AFP (delvis eller heil) skal inngå i årsinntekta. Vi reknar ut AFP-en din på nytt med ny pensjonsgrad.
Dersom du har delvis AFP, men skal slutte å jobbe og ta ut heil AFP, får vi melding frå arbeidsgivaren din. Det er likevel viktig at du melder frå til oss om total årsinntekt, inkludert feriepengar opptente etter at du tok ut AFP første gong. NB: Dette gjeld berre dersom du tek ut heil AFP etter at du har fylt 65 år.
Har du allereie AFP, treng du ikkje å sende oss ny søknad om du skal auke AFP-graden. Det er tilstrekkeleg at vi får melding frå arbeidsgivaren din.
Kva er inntekt?
All pensjonsgjevande inntekt i folketrygda kan føre til lågare AFP. Dette omfattar lønnsinntekt, næringsinntekt, feriepengar og honorar. Ønskjer du meir informasjon om pensjonsgjevande inntekt i folketrygda, sjå folketrygdlova.
Har du gått direkte frå full stilling til 100 prosent AFP, vil pensjonsgjevande inntekt frå den avslutta stillinga ikkje påverke AFP. Dette gjeld sjølv om utbetalinga skjer etter at AFP har starta.
Har du teke ut mindre enn 100 prosent AFP, vil pensjonsgjevande inntekt som er tent opp etter at du tok ut AFP første gong, føre til lågare AFP.
Det er skattemyndigheitene som fastset kva inntekt som er pensjonsgjevande, og kva inntekt som ikkje er det.
Den månadlege utbetalinga blir rekna som ei førebels utbetaling. Endeleg utrekning er klar først etter at inntekta du har meldt, er kontrollert mot likninga for året. Du må sjølv sjekke at du har meldt riktig forventa inntekt, og du må sjølv melde frå om endringar i inntekta til oss.
Blir du trekt i lønn for ferie, tek vi omsyn til dette. Vi reknar ut etter faktisk utbetalt inntekt.
Feriepengar
Har du gått direkte frå full stilling til 100 prosent AFP, vil feriepengar frå den avslutta stillinga ikkje påverke AFP. Dette gjeld sjølv om utbetalinga skjer etter at AFP har starta.
Har du teke ut mindre enn 100 prosent AFP, vil feriepengar som er tente opp etter at du tok ut AFP første gong, føre til lågare AFP. Du må sjølv sjå til at feriepengane er tekne med i inntekta du har meldt til oss.
Utrekning av pensjonsgrad
Beløpet på 32 247 kroner er eit toleransebeløp for eventuell ny utrekning av pensjonen, og ikkje eit fribeløp. Når pensjonsgjevande inntekt er større enn toleransebeløpet på 32 247 kroner, blir pensjonen redusert i samsvar med ein utrekna pensjonsgrad. Den nye pensjonsgraden blir rekna ut frå pensjonsgjevande inntekt, inkludert toleransebeløpet på 32 247 kroner.
Utrekning av pensjonsgraden skjer slik:
Slik ser du korleis vi kjem fram til pensjonsgraden:
(Forventa framtidig inntekt / tidlegare inntekt*) × 100 = X
Vi stryk desimalane og reknar med heile prosenttal. Pensjonsgraden er lik 100 − X.
Redusert AFP blir fastsett ved at full AFP blir multiplisert med pensjonsgraden.
* Tidlegare inntekt blir fastsett av Nav då du tok ut AFP. Tidlegare inntekt blir rekna ut på grunnlag av dei tre beste av dei fem inntektsåra før året før pensjoneringsåret.
Døme 1
Per har starta AFP, men ventar å tene litt på småjobbar det komande året. Forventa framtidig inntekt er 75 000 kroner. Tidlegare inntekt er fastsett av Nav til 425 000 kroner. Pensjonsgraden til Per blir rekna ut slik: (75 000 / 425 000) × 100 = 17,64. 100 − 17 = 83. Pensjonsgraden til Per er 83.
Etteroppgjer
Når skatteoppgjeret kjem kvart år, gjer vi eit etteroppgjer. Nav reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år. Frå det året du fyller 65 år, er det vi som reknar ut etteroppgjeret.
Om den faktiske inntekta di etter at du starta AFP avvik med meir enn 32 247 kroner frå den inntekta pensjonen din er rekna ut etter, fastset vi ein ny pensjonsgrad. Då får du anten etterbetalt pensjon, eller vi krev tilbake utbetalingar dersom du har fått for mykje utbetalt.
Døme 2
Per forventa ei framtidig inntekt på 75 000 kroner. Når skatteoppgjeret kjem, viser det seg at inntekta vart litt høgare enn forventa. Inntekta var 88 000 kroner. Differansen mellom forventa og faktisk inntekt er 13 000 kroner. Dette beløpet er innanfor toleransebeløpet og fører ikkje til endring i pensjonen.
Døme 3
Per forventa ei framtidig inntekt på 75 000 kroner. Når skatteoppgjeret kjem, viser det seg at inntekta vart høgare enn forventa, og Per har ikkje meldt frå om endra framtidig inntekt. Inntekta var 115 000 kroner. Differansen mellom forventa og faktisk inntekt er over toleransebeløpet på 32 247 kroner.
Per får brev med forklaring på etteroppgjeret. Dersom delar av inntekta skal haldast utanfor etteroppgjeret, må Per dokumentere dette. Sjå sjekklista for kva som må dokumenterast. Dersom heile inntekta skal inngå i etteroppgjeret, blir ny pensjonsgrad: (115 000 / 425 000) × 100 = 27,06. 100 − 27 = 73. Pensjonsgraden til Per er 73. Pensjonen blir endra, og vi vurderer å krevje tilbake for mykje utbetalt pensjon.