NYHEITER

Forslag om meir pensjon og mindre samordning

Regjeringa foreslår å endre lova slik at det skal løne seg for offentleg tilsette å arbeide lenger. Om endringane i lova blir vedteke, vil du som er fødd mellom 1954 og 1962, og jobbar lenger, få meir i pensjon enn med dagens reglar.

Publisert 22.12.2023
Illustrasjonsbilde av fornøyd moden kvinne som sitter på kjøkken med laptop

I 2018 vedtok Stortinget nye pensjonsreglar for offentleg tilsette fødd i 1963 eller seinare. Den årlege pensjonen deira aukar dess lenger dei står i arbeid – på same måte som for tilsette i privat sektor. Offentleg tilsette som er fødd mellom 1954 og 1962 får derimot delar av pensjonen sin rekna ut etter det gamle regelverket.

No foreslår regjeringa ei endring for alle som er fødde mellom 1954 og 1962, og som vil jobbe lenger.

Arbeidsminister Tonje Brenna seier i ei pressemelding at ho håpar at endringane fører til at vi får behalde verdifull kompetanse i offentleg sektor lenger.

Dette foreslår regjeringa:

  • Justering i regelverket for alderspensjon for offentleg tilsette som skal samordnast med pensjon frå folketrygda. Endringa gjeld dei som er fødde i åra frå og med 1954 til og med 1962.

  • Levealdersjustering: Å endre utrekninga av tenestepensjon som skal samordnast med ny folketrygd. Slik reglane er i dag, kan dei som jobbar utover pensjonsalder risikere at samordningsfrådraget aukar for kvart år dei jobbar, og dei får dermed mindre i samla pensjon.

  • Eit av måla med forslaget er å gjere det meir attraktivt for denne aldersgruppa å bli lenger i arbeidslivet.

Forslaget til endring av lova gjeld ikkje offentleg tilsette som er fødde i 1953 eller før.

Du kan lese heile stortingsmelding 37L på Regjeringas nettsider

Les meir om alderspensjon frå SPK, korleis vi reknar ut pensjonen din og korleis du finn ut kor mykje du får i pensjon.