Uførepensjon: Sjekk inntektsgrensa di etter lønnsoppgjeret

Får du høgare lønn etter lønnsoppgjeret? Om du har delvis uførepensjon, bør du sjekke inntektsgrensa og sjå om du må melde frå til oss.

Publisert 16.06.2023

Du må sjølv melde inn endringar i inntekta

Dersom du får høgare lønn etter lønnsoppgjeret, bør du melde frå til oss. Hugs at det er du sjølv som er ansvarleg for å melde frå om arbeidsinntekta di har endra seg. Sjølv om arbeidsgivar har meldt om lønnsendring til oss, justerer vi ikkje pensjonen din før du melder frå.

Sjå korleis du sjekkar inntektsgrensa og registrerer inntekt. Videoen er teksta, og du kan skru av og på tekstinga sjølv.

Uførepensjon og høgare inntekt

Dersom du får uførepensjon frå oss, har du fått utrekna det som heiter ei inntektsgrense. Det er det årlege beløpet du kan tene før uførepensjonen blir redusert. Inntektsgrensa vert automatisk heva etter generell lønnsvekst i samfunnet frå 1. mai kvart år.

Du kan når som helst – og så ofte du treng – registrere endra inntekt ved å logge inn på Min side.

Søke om å få endra inntektsgrensa

Om du får lønnsauke som er meir enn generell lønnsvekst, bør du søke om endra inntektsgrense så tidleg som mogleg. Siste frist for å søke er 31. desember året etter at du fekk lønnsauke.

Vilkåra for å få auka inntektsgrense, er:

  • du har hatt ei varig lønnsauke i stilling med medlemskap i SPK eller anna offentleg tenestepensjonsordning under overføringsavtalen, og
  • lønnsauka er høgare enn reguleringa av folketrygdas grunnbeløp (G) utan at du har auka stillingsstørrelsen, og
  • du sender ein søknad til oss om å få auka inntektsgrensa.

Alle desse tre vilkåra må vere oppfylt for å få endra inntektsgrensa.

Lønnsauke i vikariat eller variable tillegg er ikkje definert som varig lønnsauke, og gir dermed ikkje rett til høgare inntektsgrense.

Slik søker du om ny inntektsgrense

Du kan søke om ny inntektsgrense ved å logge deg inn på Min side, opne kontaktskjemaet, vel «Innsending av dokumentasjon / opplysingar til sak», informere om frå datoen for lønnsauke og at du søker om å få auka inntektsgrensa di.

Pass på at du ikkje tener for mykje

Du som er uførepensjonist kan ikkje tene meir enn 80 prosent av inntekta du hadde før du ble ufør. Viss du tener meir, mister du retten til å få utbetalt uførepensjon dette året. Den same regelen gjelder for uføretrygd fra folketrygda. Derfor er det viktig at du følger med på inntekta di i løpet av året.

80-prosentgrensa blir – på same måten som inntektsgrensa di – heva med lønnsvekst frå 1. mai kvart år.

Hugs at det er du sjølv som har ansvaret for å melde frå om inntektsendringar og oppdatere inntekta din på Min side. Der kan du berekne korleis pensjonen din endrar seg etter kor mykje du tener, anten du vil melde frå til oss eller ikkje.

Sjå korleis du registrerer inntekt og kva typer inntekt som skal være med

Les meir om inntekt og uførepensjon på spk.no