Nyheiter

Datoar for utbetaling av pensjon i 2024

Det er NAV som utbetalar alle pensjonane frå Statens pensjonskasse. Det gjer at du får utbetalt pensjonen din frå folketrygda og oss samstundes. Her finn du ei oversikt over utbetalingsdatoane.

Publisert 09.04.2024
Penger blir lagt på en sparegris

Mange planlegg ferie og andre aktivitetar i desse dagar. Då er det kjekt å vite når pensjonen kjem på konto. Her er lista over utbetalingsdatoar for 2024:

  • 19. januar
  • 20. februar
  • 20. mars
  • 19. april
  • 16. mai
  • 20. juni
  • 19. juli
  • 20. august
  • 20. september
  • 18. oktober
  • 20. november
  • 12. desember

NAV garanterer at pengane skal vere på kontoen din på utbetalingsdatoen. Dersom du får utbetalt pensjon til ein konto i utlandet, kan utbetalingane bli nokre dagar forseinka. Du kan se lista til NAV her: Utbetalingsdatoer - nav.no

NAV har også laga ei teneste som gjev detaljar om dei neste utbetalingane fleire dagar før pengane står på konto. Tenesta finn du her:   https://tjenester.nav.no/utbetalingsoversikt/ 

Feriepengar og skatt

Sidan sommaren stadig kjem nærare, kan vi nemne at det ikkje er feriepengar på pensjonsytingar frå oss. Det tyder at du også i juni får vanleg pensjonsutbetaling. 

Det er ikkje skattetrekk i juni på uførepensjon, og berre halvt skattetrekk i desember månad.

For alderspensjon, AFP og etterlatnepensjon er det vanleg skattetrekk i juni, medan det ikkje blir trekt skatt i desember.