Neste år kan du tene meir når du har AFP

Toleransegrensa for kor mykje du kan tene ved sida av AFP blir endra. Frå og med 1. januar 2025 blir grensa auka frå 15 000 kroner til 32 247 (0,26 G).

Publisert 10.09.2024

Auken av toleransegrensa gjeld medlemmer av Statens pensjonskasse som er fødd i 1962 eller før, og for medlemmer av Pensjonsordningen for apotekverksemd.

– Dagens toleransebeløp har stått stille i ei rekkje år, og det er no heva slik at det svarer det til som gjeld i kommunal tenestepensjon. Endringa gjer det mogleg å ha litt meir inntekt ved sida av AFP utan at pensjonen blir avkorta, seier Tonje Brenna, arbeids- og inkluderingsminister, i ei pressemelding på regjeringen.no.

Merk: offentleg tilsette fødd i 1963 eller etter har ei heilt anna AFP-ordning, og er derfor ikkje omfatta av regelendringa. Dei kan jobbe og tene så mykje dei vil når dei tek ut AFP.