Streik og pensjon
Fleire har kontakta oss då dei lurer på om dei kan miste pensjonsopptening dersom dei blir tekne ut i den pågåande streiken. Svaret er kort og godt nei.
Fredag 24. mai vart det brudd i forhandlingane i staten, og Akademikerne og Unio gjekk ut i streik.
Kundesenteret vårt har fått spørsmål om det å bli teken ut i streik påverkar pensjonen og pensjonsoppteninga.
Hos oss er reglane enkle; blir du teken ut i streik får du medrekna tenestetid i inntil tre år. Arbeidskonfliktar varer sjeldan lenge. Det betyr at du beheld pensjonsoppteninga så lenge du streikar.
Rett til AFP blir påverka av streik
Likevel bør du vere klar over at det å bli teke ut i streik påverkar retten til avtalefesta pensjon (AFP).
For å ha rett på AFP må du stå i medlemspliktig stilling heilt fram til du tek ut pensjonen. Er du teken ut i streik står du ikkje i medlemspliktig stilling, sjølv om du altså får medrekna tenestetid. AFP-vilkåret er dermed ikkje oppfylt.
Normalt blir det teke omsyn til dette, slik at arbeidstakarar som har søkt om å gå av med AFP ikkje blir ut teke i streik.
Les meir om AFP her: AFP (Avtalefestet pensjon)