7 av 10 synest pensjon er vanskeleg
Manglande kunnskap om pensjon kan få store økonomiske konsekvensar, åtvarar pensjonsekspert.

71 prosent synest det er vanskeleg å forstå pensjonsreglane, viser ei ny undersøking frå Statens pensjonskasse (SPK).
– Det er fleire pensjonsval enn før, og mange opplever at det er vanskeleg å få oversikta, seier Svein Rasmussen, pensjonsekspert i Statens pensjonskasse.
Størst uvisse blant folk i 50-åra
Undersøkelsen er gjennomført av Norstat blant eit representativt utval av befolkninga som jobbar i både offentleg og privat sektor.
Heile 80 prosent i alderen 50-59 år svarer at dei synest at pensjonsreglane er vanskelege.
– Det er urovekkjande at så mange i denne aldersgruppa svarer at dei ikkje forstår reglane. Dei har kort tid igjen til dei kan ta ut pensjon, og er avhengige av å vite nok for å kunne ta gode val for framtida, seier Rasmussen.
Mangel på kunnskap kan koste
Fleire kvinner (76 %) enn menn (67 %) oppgir at det er vanskeleg å setje seg inn i pensjonsreglane.
Eit lågare lønnsnivå gjennom arbeidslivet, deltidsarbeid og permisjonar bidreg til at kvinner ofte får lågare pensjon enn menn. Lite kunnskap om eigen pensjon kan bidra til at folk gjer val som forsterkar desse forskjellane, ifølgje Rasmussen.
– Pensjon er ein viktig del av privatøkonomien, og noko du skal leve av i mange år. Å ha kontroll på pensjonen bør vere like naturleg som å sjekke bustadlånsrenta fleire gonger i året.
Råd frå pensjonseksperten
Sjekk pensjonen din
Mange pensjonsselskap har gode kalkulatorar. På spk.no kan du som jobbar i staten eller er lærar sjå pensjonen din, og korleis ulike val påverkar kva du får utbetalt.
Finn ut kva som gjeld for deg
Du treng ikkje kunne heile regelverket. Finn ut kva som gjeld i din situasjon, til dømes kva som trengst for å få livsvarig AFP.
Undersøk kva du har via jobb
Pensjonsordningen kan inkludere fleire gode. I SPK er økonomisk støtte ved sjukdom og dødsfall inkludert i ordninga.
Lærar eller statstilsett? Prøv pensjonskalkulatoren til SPK: