Uførepensjon: Sjekk inntektsgrensa di etter lønnsoppgjeret
Lønnsoppgjeret i staten for 2024 er nyleg avslutta. Har du uførepensjon og har fått høgare lønn i lønnsoppgjeret, bør du sjekke inntektsgrensa di og sjå om du må melde frå til oss.
Du må sjølv melde frå til oss om endringar i inntekta
Dersom du får høgare lønn etter lønnsoppgjeret, bør du melde frå til oss. Husk at det er du sjølv som er ansvarleg for å melde frå om arbeidsinntekta di har endra seg. Sjølv om arbeidsgivar har meldt om lønnsendring til oss, justerer vi ikkje pensjonen før du melder frå.
Du kan når som helst registrere endra inntekt
Dersom du får uførepensjon frå oss, har du fått utrekna ei inntektsgrenseInntektsgrense Inntektsgrensen er den årlige inntekten du kan ha før uførepensjonen blir redusert.Mer om Inntektsgrense . Dette er det årlege beløpet du kan tene før uførepensjonen blir redusert. Om du tener meir enn inntektsgrensa di, kan det hende at du får etteroppgjerEtteroppgjer for uførepensjon / etteroppgjørDersom inntekta som blei brukt ved berekning av uførepensjon, avvik frå inntektsopplysingane frå skatteoppgjeret, vil det bli eit etteroppgjer.Mer om Etteroppgjer for uførepensjon / etteroppgjør og må betale tilbake for mykje utbetalt pensjon.
Inntektsgrensa vert automatisk heva etter generell lønnsvekst i samfunnet frå 1. mai kvart år.
Du kan når som helst – og så ofte du treng – registrere endra inntekt ved å logge inn på Min side. Der kan du berekne korleis pensjonen din endrar seg etter kor mykje du tener, anten du vil melde frå til oss eller ikkje.
Sjå korleis du registrerer inntekt denne filmen:
I nokre tilfelle kan høg inntekt stoppe pensjonsutbetalinga
Det er ei grense til du må være merksam på. Hvis du tjener mer enn 80 prosent av inntektsnivået du hadde før du ble ufør, skal utbetalingen av uførepensjon stoppes det året du har høy inntekt. Den same regelen gjelder for uføretrygd frå folketrygda (Nav). Les meir om inntekt og uførepensjon
80-prosentgrensa blir – på same måten som inntektsgrensa di – heva med generell lønnsvekst i samfunnet frå 1. mai kvart år.
Forsinka lønnsoppgjer for 2024
Fordi lønnsoppgjeret i staten for 2024 er forsinka, er det mange som får etterbetalt lønnsjustering for førre året i 2025. Husk å ta med eventuell etterbetaling av lønn når du melder endra inntekt.
I etteroppgjeret for 2025 vil også etterbetaling av lønn for 2024 telle med som inntekt i 2025.
Søke om å få endra inntektsgrensa
Om du får lønnsauke som er meir enn generell lønnsvekst, bør du søke om endra inntektsgrense så tidleg som mogleg. Siste frist for å søke er 31. desember året etter at du fekk lønnsauke.
Alle desse tre vilkåra må vere oppfylt for å få endre inntektsgrensa:
- Du har hatt ei varig lønnsauke i stilling med medlemskap i SPK eller anna offentleg tenestepensjonsordning under overføringsavtalen.
- Lønnsauken er høgare enn reguleringa av folketrygdas grunnbeløp (G), utan at du har auka stillingsstørrelsen din.
- Du sender ein søknad til oss om å få auka inntektsgrensa. Sjå korleis du søker lenger ned.
Lønnsauke i vikariat eller variable tillegg er ikkje definert som varig lønnsauke, og gir dermed ikkje rett til høgare inntektsgrense.
Slik søker du om ny inntektsgrense
Du kan søke om ny inntektsgrense ved å logge deg inn på Min side, deretter «Kontakt oss». Vel «Innsending av dokumentasjon / opplysingar til sak», informere om frå-datoen for lønnsauke og at du søker om å få auka inntektsgrensa di.