Nyheiter

No startar etteroppgjer for dei som fekk uførepensjon i 2024

Vi startar etteroppgjer for uførepensjon i april, og behandlar oppgjer gjennom heile året. Nokre får etteroppgjer på våren, mens mange får det utover hausten.

Publisert 10.04.2025
Tegning av kvinne som holder et brev

No startar vi med etteroppgjer for uførepensjon for inntektsåret 2024. Ikkje alle som har uførepensjon får etteroppgjer. Dei som gjer det, får brev frå oss.

Etteroppgjer for uførepensjon

Når du arbeider samtidig som du får uførepensjon, bereknar vi pensjonen din etter forventa inntekt.

Når skatteoppgjeret ditt er klart, sjekkar vi om du har fått rett uførepensjon ut frå inntekta di i 2024. Har du fått utbetalt for mykje eller for lite pensjon, får du eit etteroppgjer. Då får du brev frå oss.

Du får ikkje brev om du ikkje har inntektsendringar som påverkar pensjonen.

Les meir om etteroppgjer for uførepensjon

Nav har eige etteroppgjer

Nav gjennomfører etteroppgjer for uføretrygd frå folketrygda. Det skjer seinare på året. Les meir om etteroppgjer og uføretrygd på nav.no