Oppfølging av dom i Høgsterett om vakt- og fartøytillegg i Kystvakta
I april kom dom i Høgsterett om vakt- og fartøytillegg i Kystvakta. Les kva som skjer vidare.
2. april fall dommen i høgsterettssaka om vakt- og fartøytillegg i Kystvakta. Høgsterett konkluderte med at tillegga skal inngå i pensjonsgrunnlaget som variable tillegg.
Les meir om saka og dommen frå Høsterett
Tillegga det er snakk om har ikkje tidlegare vorte rapportert inn av Forsvaret som pensjonsgivande for dei tilsette dette gjeld til oss i Statens pensjonskasse (SPK).
Vegen vidare
Oppgåva vår er å sørgje for at dei medlemmane får den pensjonen dei har krav på. Vi har stor forståing for at mange tilsette i Forsvaret lurer på kva denne dommen betyr for dei.
Vi er klare til å starte arbeidet med å effektuere dommen. Før vi kan setje i gang, er vi avhengige av nødvendig informasjon og datagrunnlag frå Forsvaret om kven dette gjeld. Det jobbar Forsvaret med å få greie på.
Forsvaret: Pensjonsdommen - etterarbeidet kan starte