NYHEITER

Auka fribeløp for deg som har uførepensjon frå SPK og uføretrygd frå Nav

Fribeløpet i grensa for kor mykje du kan tene ved sida av uførepensjon frå Statens pensjonskasse (SPK) og uføretrygd frå Nav aukar frå 40 prosent av grunnbeløpet i folketrygda (G) til 100 prosent av G. Regelverket for SPK er ikkje avklart enno, men du som har uførepensjon frå oss får informasjon når fribeløpet er lagt inn i inntektsgrensa di.

Publisert 18.09.2026

Du som har uførepensjon frå SPK og uføretrygd frå Nav, har eit fribeløp inkludert både i inntektsgrensaInntektsgrense Inntektsgrensen er den årlige arbeidsinntekten du kan ha før pensjonen blir redusert. Inntektsgrense gjelder for uførepensjon, tidligpensjon og særalderspåslag. Mer om Inntektsgrense di i SPK og i botnfrådraget ditt i Nav.

Stortinget har vedtatt at fribeløpet skal aukast frå 40 prosent av GGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, er 136 549 kroner per 01.05.2026. Beløpet blir justert ein gong i året.Mer om Grunnbeløp (G) til 100 prosent av G. Det nye fribeløpet for arbeidsinntekt gjeld både for Nav og SPK.

Auka fribeløp gjeld frå 1. januar 2026. Ifølge vedtaket frå Stortinget skal Nav gjennomføre auken for uføretrygd frå 1. oktober 2026. Det er enno ikkje vedteke når vi skal gjennomføre auken for uførepensjon frå SPK.

Dette betyr nytt fribeløp for uførepensjonen din frå SPK

Det nye fribeløpet har ingenting å seie for deg om du ikkje har arbeidsinntekt ved sida av uførepensjonen.

Auka fribeløp kan påverke deg som har arbeidsinntekt ved sida av uførepensjonen:

  • Auka fribeløp gjer at du kan tene meir før uførepensjonen blir redusert.
  • Du får auka fribeløpet til 100 prosent av G når du har hatt uføretrygd frå Nav i meir enn to år. Dette gjeld ikkje viss uføregrada på uføretrygda di har auka i mellomtida. Då får du eit fribeløp på 100 prosent først når det er meir enn to år sidan uføregrada di auka.
  • Om du allereie oppfylte dette vilkåret 1. januar 2026, får du det auka fribeløpet frå denne datoen.

Du får informasjon frå oss når fribeløpet, og dermed inntektsgrensa di, aukar.

Dette skjer seinare, når detaljane i regelverket for SPK er avklarte. Vi veit enno ikkje når endringa blir vedtatt og gjennomført.

Du finn meir informasjon om regelendringa for uføretrygd i Nav på nav.no