Organisasjon og leiing
Statens pensjonskasse vert leia av administrerande direktør Tomas Berg. I toppleiinga sit administrerande direktør saman med avdelingsdirektørane.
Vi er organisert i tre tenesteavdelinger, ei kompetanseavdeling, fem fellestenesteavdelingar og tre stab- og støtteavdelingar.
Leiinga
Her kan du laste ned pressebilete av leiinga
(Foto: Ilja C. Hendel)
Tomas Berg, administrerande direktør
Tomas Berg er administrerande direktør i Statens pensjonskasse frå 1. mai 2020. Han kjem frå stillinga som ekspedisjonssjef og leiar av Pensjonsavdelingen i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Berg er utdanna cand. jur. frå Universitetet i Oslo. Han starta i det dåverande Sosialdepartementet i 1988. Frå 2006 leia han Pensjonsavdelingen, som har ansvar for blant anna pensjonsregelverket i folketrygda og i dei offentlege tjenestepensjonsordningane, samt departementets styring av Statens pensjonskasse og Pensjonstrygden for sjømenn.
Christian Gabor,
avdelingsdirektør for alderspensjon
Christian Gabor er utdanna økonom og har lang fartstid frå bank og finans. Han har vore leiar for ulike produkt- og produksjonsavdelingar i Nordea, og jobba med prosessutvikling, organisasjonsutvikling og produksjonsstyring for ulike bank og finansinstitusjoner.
Han kom frå Storebrand til SPK i 2016, og har leia pensjoneringsseksjonen med over 100 medarbeidarar fordelt på fem avdelingar. Han er frå 15. mai 2021 fungerande direktør for pensjoneringsområdet.
Lise Løwe,
avdelingsdirektør for lån og helse
Diplomøkonom frå BI. I perioden 1981-1999 jobba Lise Løwe i Postbanken, der ho hadde ulike funksjonar – før ho vart avdelingssjef for Elektronisk Betalingsformidling. I perioden 1999-2003 var ho rådgjevar og avdelingsleiar i Cap Gemini Ernst & Young, med ansvar for kunde- og marknadsstrategiar (CRM). Ho kom til Statens pensjonskasse som direktør for pensjonsområdet i 2004.
Berit Gulbrandsrud,
avdelingsdirektør for verksemder og eigar
Utdanna matematikar frå Universitet i Oslo. Berit Gulbrandsrud har lang erfaring frå pensjon og finansområdet, både i livsforsikringsselskap og konsulentbransjen.
Ho har jobba med å binde fag og kundesida saman. Ho har hatt ansvar for å utvikle produktstrategiar for pensjonsprodukt, og produktutviklingsansvar for produkta frå rammevilkår til kundeoppleving
Berit starta i SPK i mai 2017 som sjefsaktuar og leiar for aktuarseksjonen. Ho kom då frå jobben som produktdirektør pensjon i DNB.
Ole M. Sørlie, avdelingsdirektør
fag, analyse og data
juridisk
Utdanna siviløkonom frå Lunds universitet i Sverige. Ole M. Sørlie har lang erfaring frå livsforsikringsbransjen, mellom anna frå sal og forretningsutvikling som assisterande direktør i Storebrand livsforsikring. Han var i perioden 2004 til 2006 dagleg leiar for Pekon AS, som tilbyr NRS utrekningar og pensjonskassetenester.
Før han kom til Statens pensjonskasse hausten 2012, var han produktdirektør for innskotspensjon i DNB forsikring.
Jeanette Christensen, avdelingsdirektør for
kommunikasjon og kundedialog
Utdanning innan marknadsføring, medievitskap og kommunikasjon. Jeanette Christensen har variert erfaring frå 19 år i Husbanken, der ho mellom anna var leiar for kommunikasjonsstab og avdelingsdirektør for området kommunikasjon, utvikling og læring i Husbanken region Øst. I 2013 blei ho kommunikasjonssjef i Forsvarsbygg Skifte eigedom, og frå 2014 kommunikasjonsdirektør i Forsvarsbygg - før ho kom til oss som direktør for kommunikasjonsområdet i oktober 2018.
Nils Johan Brede, avdelingsdirektør sikkerhet og personvern
avdelingsdirektør mennesker og organisasjon
Cand.mag. i informatikk frå Universitetet i Oslo, og med utdanning innan leiing og administrasjon frå Copenhagen Business School og Høgskolen i Nord-Trøndelag. Han har også studert informasjonstryggleik og risk management ved University of Washington.
Nils Johan har lang fartstid frå IT- og konsulentbransjen, og har vore rådgivar innanfor digital tenesteutvikling og endringsprosessar i både statlege, fylkeskommunale og kommunale verksemder. Han har også tidlegare hatt ulike leiarroller, og vore adm.dir i Watchcom, undervisingsdirektør/rektor ved NKI og HR-direktør i IT-selskapet Columbus.
Han kom til SPK i 2019, frå stillinga som direktør innan Cyber og Risk i PWC .
Per Wold, avdelingsdirektør
teknologi og utvikling
digitale fellestenester
Er sivilingeniør frå NTNU, og dessutan utdanna bedriftsøkonom frå Handelshøyskolen BI. Per Wold har brei erfaring frå IT-bransjen, og var mellom anna avdelingsleiar og sjefskonsulent i IT-selskapet Mogul før han kom til Statens pensjonskasse som seksjonsleiar for IT-system i 2003.
I 2009 vart han leiar for IT-arkitektur og prosessutvikling i Statens pensjonskasse, og sidan november 2012 har han vore IT-direktør hos oss.
Ole Martin Gudesen, avdelingsdirektør for verksemdstyring
Handelsøkonom frå Oslo Handelshøyskole. Over 20 års erfaring med offentleg tenestepensjon, både som fag- og utviklingssjef. Frå 2008-12 var han ein del av prosjektleiinga for det største utviklingsprosjektet i SPK gjennom tidene, Perform.
Ole Martin har i mange år leia utviklingsarbeidet i SPK. Frå 2018 har han vore programleiar for SPK sitt pensjonsprogram, og frå 1. september samme år direktør for det då nyoppretta området for program- og produktutvikling. I 2023 vart han avdelingsdirektør for virksomhetsstyring.
Nina Thulin, avdelingsdirektør for samhandling og fellestenester
Sivilingeniør frå NTNU. Nina Thulin har også studert strategi, økonomi, prosjekt- og IT-leiing ved BI, Universitetet i Oslo og London School of Economics. Ho har lang og brei erfaring innan IT, i hovudsak frå finansbransjen og som konsulent.
Nina kom til SPK i 2009. Ho har mellom anna jobba med forvaltning og drift av IT-løysingar, produktorganisering, porteføljestyring, leverandøroppfølging, personvern og universell utforming. Ho vart seksjonsleiar i 2012, og frå 2023 er ho avdelingsdirektør for samhandling og fellestenester.
Kari Lund,
dagleg leiar for Pensjonsordningen for apotekvirksomhet
Siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, med etterutdanning innan finans, strategi og leiing. Kari Lund har variert erfaring innan økonomi, finans, marknadsutvikling og forretningsutvikling frå DnB. I 2001 vart ho viseadministrerande direktør og leiar for Privatdistribusjon i Storebrand Bank, og deretter prosjektdirektør Strategi i Storebrand ASA - før ho kom til oss som økonomidirektør i 2005. Styreverv i privat og offentleg sektor.