Om Statens pensjonskasse

SPK administrerar tenestepensjon for over én million nordmenn og 1 300 verksemder. Kvar månad sørgjer vi for at 300.000 pensjonister får utbetalt pensjon. Vi administrerer også forsikringsordningar og bustadordning på vegne av staten.

Publisert 15.11.2021

Statens pensjonskasse (SPK) er ei forvaltingsbedrift under Arbeids- og sosialdepartementet. Vår oppgåve er å levere pensjon, forsikring og bustadlån på ein enkel og effektiv måte til ansatte i staten, skoleverket og verksemder som har ei tilnknytning til det offentlege. 

Vi administrerer også Pensjonsordningen for apotekvirksomhet, samt særskilte pensjonsordningar for blant anna Den Norske Opera & Ballett, stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer, Sametinget og ledsagarar i utenrikstenesta. 

Vår viktigste leveranse er tryggleik 

Ordningane er ein viktig del av sparing til alderspensjono, ei forsikring ved uførleik og for etterlatte ved dødsfall. For arbeidsgivarane er pensjonsordninga viktig i rekruttering av nye medarbeidarar. 

Samfunnsoppdraget vårt 

Vårt samfunnsoppdrag er nedfelt i Lov om Statens pensjonskasse. Oppgåvene våre blir definert i instruks og det årlege tildelingsbrevet frå  Arbeids- og sosialdepartementet. 

Vi mottek tildelingsbrevet i desember, etter at Stortinger har vedteke statsbudsjettet. Sjå Tildelingsbrev for 2021 (.pdf)

Vi skal 

  • utbetale rett ytelse til rett tid
  • fastsetje og kreve inn rett premie til rett tid
  • sørge for at tenester og informasjon er tilpassa verksemdene og medlemmene sine behov
  • sørge for effektiv drift
  • sørge for god gjennomføring av reformer

Det siste punktet er særleg knytta til innføring av nytt samordningsregelverk for dei som er født 1954 og seinare, samt innføring av ny offentleg tenestepensjon for årskull 1963 og seinare. 

Nøkkeltal og statistikk 

SPK administrerar opptjente pensjonsrettar på 570 milliarder kroner. I 2020 utbetalte vi 29,9 milliarder kroner i pensjoner. 

Vi administrerar óg forsikringsordningar på vegne av staten. I 2020 utbetalte vi 307 millioner kroner i personskade- og gruppelivserstatning. 

SPKs medlemmer og pensjonistar kan søke om bustadlån på inntil 2 300 000 kroner med sikkerheit i eigen bustad. Ved utgangen av 2020 hadde 38 900 personar bustadlån i SPK. 

Nøkkeltal for Statens pensjonskasse 

Leiande på offentlig tenestepensjon

Vår verksemdidé er at SPK skal vere leiande på offentleg tenestepensjon. Vi leverer pensjon, forsikring og bustadlån effektivt til forventa kvalitet og avtalt tid, og har leiande kompetanse på offentleg tenestepensjon og digitalisering. Gjennom innsikt i brukarane sine behov lagar vi gode digitale løysingar og  skapar heilhetlege brukaropplevinger, også i samarbeid med andre. Slik sikrar vi tryggleik for brukarane og god verdi for myndigheiter og samfunn.

Strategi 2021 - 2025: Vi gjer pensjon enkelt 

Mange synest pensjon er vanskeleg. Brukarane forventer stadig meir av oss; meir innsikt, mer informasjon, meir sjølvbetjening. Samtidig gjer pensjonsreformen ting meir komplisert og aukar informasjonsbehovet. SPKs hovedoppgåve er å gjere kvardagen enklare for medlemmer, medlemsverksemder og eigarane våre. Vår visjon og ledestjerne er derfor: vi gjer pensjon enkelt. 

Våre strategiske mål 

  • Levere gode brukaropplevingar 
  • Vere effektiv og skape meirverdi for samfunnet
  • Ha ledande kompetanse på offentleg tenestepensjon og digitalisering 

Våre verdiar

  • Brukarorienterte: Vi kjenner brukarane sine behov og skaper gode og heilheitlege brukaropplevingar. 

  • Pålitelege: Vi er til å stole på og held det vi lovar. Vi er ein del av fellesskapet, er etterrettelege og effektive.

  • Framoverlente: Vi er engasjerte og spiller på lag med kollegaer, brukarane og samfunnet. Vi søker gode, framtidsretta løysingar.