Pensjonsordninga for stortings- og regjeringsmedlemmer
Statsministeren, statsrådar og stortingsrepresentantar har ei pensjonsordning som stort sett følger den vanlige pensjonsordninga til statstilsette. Ordninga gir rett til alderspensjon, uføre- og etterlatnepensjon samt yrkesskadeforsikring.
Ordninga for alderspensjon følger prinsippa frå folketrygden.
Lova trådde i kraft i 2012, med ulike overgangsordningar. Ordninga gir fleksibilitet, og du kan velje å ta ut pensjon fleksibelt frå 62 år. Bruk fanene under for meir informasjon om opptening før og etter 2012.
Uførepensjon for regjeringsmedlemmar og stortingsrepresentantar
Har du opptening som stortingsrepresentant eller statsråd, kan du ha rett til økonomisk støtte når du ikkje kan jobbe på grunn av sykdom eller skade. Les meir om ordninga her: Uførepensjon for stortings- og regjeringsmedlemmer
Pensjon for etterlatne
Om eit medlem i ordninga for stortingsrepresentantar og statsrådar dør, kan dei etterlatne ha rett til utbetaling frå gruppelivsordninga og til jevnlige utbetalinger i form av etterlatnepensjon.
Denne ordninga følger dei vanlege reglane for etterlatnepensjon for medlemmar i SPK, men oppteningstid og pensjonsgrunnlag bereknast etter reglane som gjeld for stortingsrepresentantar og statsrådar. Les meir om ordninga her: Etterlatnepensjon
Yrkesskadeforsikring og gruppeliv
Stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmar har yrkesskadeforsikring og er omfatta av gruppelivsordninga i Statens pensjonskasse. Les meir om ordninga her: Yrkesskadeforsikring og gruppeliv for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer
Service og rettleiing til regjeringsmedlemmar og stortingsrepresentantar
Vi har oppretta eige telefonnummer og e-postadresse for stortingsrepresentantar som har spørsmål om pensjonsordninga:
- telefon: 22 24 17 02
- e-postadresse: stortinget@spk.no
Kva må du gjere for å få pensjon?
For å få pensjon må du sende inn søknadsskjema til oss.
Du kan også få søknadsskjemaet ved å ta kontakt med oss eller til Stortingets administrasjon.
Klagerett
Klageretten er regulert av reglane i lov om anke til Trygderetten.