Opptening før 2012

Alderspensjon for stortings- og regjeringsmedlemmer

Pensjonsordninga før 2012 er forskjellig for stortingsrepresentantar og for statsrådar. Les meir om skilnadene under.

Publisert 05.11.2021

Alderspensjon for statsrådar

Ordninga inneber at du får full alderspensjon etter 6 år, og at du kan pensjonere deg når du fyller 65 år. Full alderspensjon er 57 prosent av den årlege godtgjersla du hadde då du slutta som statsråd. Pensjonen vert sett ned med fem prosentpoeng for kvart år du manglar på full opptening. Det tyder at:

  • 6 år gir 57 prosent
  • 5 år gir 52 prosent
  • 4 år gir 47 prosent
  • 3 år gir 42 prosent

Forsørgjer du barn under 18 år, kan du få utbetalt barnetillegg.

Frå du fyller 67 år skal pensjonen levealdersjusterast.

Alderspensjon for stortingsmedlemmar

Ordninga inneber at du får full alderspensjon etter 12 år, og at du kan pensjonere deg når du fyller 65 år. Full alderspensjon er 66 prosent av den årlege godtgjersla du hadde då du slutta som statsråd. 

Reglar som gjelder både ordningar

Individuell garanti

Om du er fødd tidlegare enn 1959, har du ein individuell garanti viss du ventar med å ta ut alderspensjonen din i folketrygda til du vert 67 år. Det tyder at du er garantert ein viss storlek av pensjonsgrunnlaget, avhengig av om du har full oppteningstid eller ikkje.

Dersom summen av den samordna alderspensjonen i tenestepensjonsordninga og alderspensjonen frå folketrygda vert lågare enn det garanterte nivået, vil du få eit garantitillegg. Viss du ikkje har full oppteningstid, vert garantitillegget redusert forholdsmessig.

Arbeid og inntekt

Du kan ikkje få alderspensjon viss du er medlem i regjeringa eller Stortinget eller er tilsett i offentleg eller kommunal teneste i hovudstilling - det vil seie 80 prosent stilling eller meir. Det same gjeld dersom du har heiltidsstilling som kommunalt ombud.

Du pliktar å informere oss om endringar i arbeids- og inntektstilhøve som påverkar retten til pensjon. Vi stoppar pensjonen dersom arbeids- og/eller inntektstilhøve gjer at du ikkje lenger har rett på den.

Tidlegare statsråd eller stortingsmedlemmar

Dersom du tidlegare har vore statsråd eller stortingsmedlem og har opptening i pensjonsordninga, så kan du ha rett til ein framtidig pensjon. Vi kallar dette ein oppsett pensjonsrett. Det tyder at du kan ha rett til alderspensjon når du fyller 65 år.

Reguleringa av pensjonsgrunnlaget følgjer dei same reglane som i Statens pensjonskasse.