Ord og uttrykk

Aldersgrense

Aldersgrensa følgjer den stillinga du er tilsett i og er det tidspunktet du må slutte i stillinga. Dei fleste stillingar har ei aldersgrense på 72 år.

Du må ikkje forveksle aldergrense med pensjonsalderPensjonsalderPensjonsalder er alderen du kan gå av med alderspensjon. Kva som gjeld for deg, kjem an på når du er fødd og om du har særaldersgrense.Mer om Pensjonsalder, som fortel når du kan gå av med pensjon.

Du kan søke arbeidsgivar om å stå i stilling lenger enn aldersgrensa, men du kan ikkje kreve det.  

Lågare aldersgrense - særaldersgrense

Nokre stillingar har lågare aldersgrense enn 72 år. Dette kallar vi ein særaldersgrense. Særaldersgrenser finn vi som oftast i yrke der det blir stilt særlege fysiske og psykiske krav. Les meir om særaldersgrenseSæraldersgrenseNokre stillingar har lågare aldersgrense enn 72 år. Det kallar vi særaldersgrense. Mer om Særaldersgrense

Dersom du går frå ei stilling med vanleg aldersgrense til ei stilling med lågare aldersgrense, så er hovudregelen at du må ha den låge aldersgrensa samanhengande i tre år for å ha rett til pensjon frå denne aldersgrensa.