Opptening / opptjening

Frå 2020 vert det innført nye reglar der du tener opp i ei pensjonsbehaldning. Den tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse fram til 2020 blir kalla oppteningstid. Dei nye reglane gjeld alderspensjon for deg som er fødd i 1963 eller seinare. Det er førebels ikkje vedteke nye oppteningsregler for avtalefesta pensjon (AFP), men partane i arbeidslivet er samde om prinsippane for AFP.

Opptening

Frå 1. januar 2020 er reglane for opptening av alderspensjon endra. Tidligare var prinsippet for opptening basert på tid i arbeid. 

Stortinget vedtok i 2019 ei ny ordning for offentleg tenestepensjon. Dei som er fødd i 1963 eller seinare tener opp til ny offentleg tenestepensjon (påslagspensjonPåslagspensjonNy offentleg tenestepensjon er ein påslagspensjon. Ordninga gjeld dei som er fødd i 1963 eller seinare og som tener opp pensjon frå 2020. Påslagspensjon samordnes ikkje, men kommer i tillegg til folketrygda. Derav nemninga påslagspensjon.Mer om Påslagspensjon) frå 2020. Du får opptening etter dei nye reglane frå 2020 og behold samstundes oppteninga til og med 2019 i den gamle ordninga.

Dersom du er fødd 1962 eller tidlegare har du pensjon etter dei gamle reglane. Full oppteningstid er for dei fleste 30 år. Etter gjevne reglar kan full oppteningstid vere opptil 40 år ved oppsett pensjonOppsett pensjon / oppsatt pensjonDersom du tidlegare har vore medlem hos oss, kan du ha tent opp pensjonsrettar til ein framtidig pensjon. Desse kallar vi ein oppsett pensjon. Mer om Oppsett pensjon / oppsatt pensjon til tidlegare medlemmar.

Reglane for oppteningstid fram til 2020 gjeld framleis for uførepensjonUførepensjonMer om Uførepensjon og etterlatnepensjonEtterlatnepensjon / etterlattepensjonEtterlatnepensjon er ein pensjon som blir betalt ut dersom ein medlem døyr. Mer om Etterlatnepensjon / etterlattepensjon utan omsyn til om du er fødd før eller etter 1963.

Du må ha vore tilsett i ei stilling i minst ein månad for at perioden skal vere pensjonsgivande, og du kan få opptening uavhengig om du har jobba heiltid eller deltid.

Dersom du jobbar etter fylte 67 år vil også denne oppteningstida vere pensjonsgivande.

Ny offentleg AFP er førebels ikkje vedteke, men partane i arbeidslivet er enige om prinsippene for AFP - avtalefesta pensjonAvtalefesta pensjon (AFP)I offentleg sektor er AFP ei tariffesta førtidspensjonsordning som gir moglegheit til å gå av med heil eller delvis pensjon i tida mellom fylte 62 og 67 år. Mer om Avtalefesta pensjon (AFP)

Oppteningstid

Dette vil normalt vere den tida du har jobba i ei statleg stilling og har betalt pensjonsinnskot. Permisjonar i samsvar med med permisjonsavtalen gir deg også oppteningstid. Full oppteningstid er for dei fleste 30 år. Etter gjevne reglar kan full oppteningstid vere opptil 40 år ved oppsett pensjonOppsett pensjon / oppsatt pensjonDersom du tidlegare har vore medlem hos oss, kan du ha tent opp pensjonsrettar til ein framtidig pensjon. Desse kallar vi ein oppsett pensjon. Mer om Oppsett pensjon / oppsatt pensjon til tidlegare medlemmar.

Kva har oppteningstida å seie for pensjonen?

Alderspensjonen vert berekna etter kvar enkelt si oppteningstid i Statens pensjonskasse fram til 2020. Vi reduserer pensjonen dersom denne tida er kortare enn 30 år. Vi reduserer med 1/30 for kvart år du manglar på 30 år. Det vil seie at dersom du har vore medlem i 20 år, vil du få 20/30 av full pensjon.

Samla oppteningstid blir alltid runda av til heile år. Dersom oppteningstida for eksempel er 25 år, 5 månader og 29 dagar, blir oppteningstida runda ned til 25 år. Dersom oppteningstida er 25 år og 6 månader, blir oppteningstida runda opp til 26 år.

Oppteningstid ved uførepensjon

Ved uførepensjon får du også medrekna den oppteningstida du kunne ha oppnått om du hadde vore frisk og kunne halde fram i stillinga fram til du fyller 67 år. Dersom du kunne ha oppnått 30 år ved å fortsetje i stillinga fram til du fyller 67 år, får du medrekna full pensjonsgivande oppteningstid.

Dersom du har lågare aldersgrense vil du få medrekna oppteningstid fram til aldersgrensa.

Dersom du har vore medlem tidlegare, blir uførepensjonen berekna ut frå faktisk oppteningstid i Statens pensjonskasse.

Uførepensjonar som starta før 1.1.2015

Uførepensjonar som starta før 1.1.2015 fekk medrekna oppteningstida du kunne ha oppnått om du hadde vore frisk og kunne halde fram i stillinga fram til aldersgrensa. Dersom du kunne ha oppnått 30 år ved å fortsetje i stillinga fram til aldersgrensa, fekk du medrekna full pensjonsgivande oppteningstid. Dette gjeld så lenge du får uførepensjon etter overgangsreglane for uførepensjon. Dersom uførepensjonen skal bli berekna etter nye reglar for uførepensjon, vil du få medrekna oppteningstid fram til aldersgrensa eller seinast til fylte 67 år.

Oppteningstid ved yrkesskade

Dersom du er ufør på grunn av yrkesskade, vil du få full pensjonsgivande oppteningstid ved uførepensjonen. Når du seinare får alderspensjon vil likevel oppteningstida bli sett til faktisk oppteningstid pluss den oppteningstida du ville fått dersom du hadde halde fram i stillinga til aldersgrensa, eller seinast til fylte 67 år.

Oppteningstid ved etterlatnepensjon

Dersom avdøde framleis var i jobb, vil vi ta med oppteningstida fram til aldersgrensa for stillinga, men likevel ikkje lenger enn til fylte 67 år, når vi bereknar etterlatnepensjonen.

Dersom avdøde var AFP-pensjonist mellom 62 og 67 år, bruker vi faktisk oppteningstid når vi bereknar etterlatnepensjonen. Det samme gjelder dersom avdøde var tidligere medlem, eller hadde direkte overgang frå stilling til alderspensjon. Dersom avdøde hadde direkte overgang frå stilling til uførepensjon tar vi med oppteningstid fram til aldersgrensa, likvel ikkje lenger enn til 67 år.

Permisjonsavtalen

Ulike typar permisjonar kan medreknast i oppteningstida di i Statens pensjonskasse. Permisjonsavtalen gjeld for permisjonar frå 01.07.1982 og kan gi medrekning av oppteningstid i permisjonstida.