Oppsett pensjon / oppsatt pensjon

Dersom du tidlegare har vore medlem hos oss, kan du ha tent opp pensjonsrettar til ein framtidig pensjon. Desse kallar vi ein oppsett pensjon.

Har du rett til ein oppsett alderspensjon frå Statens pensjonskasse?

For å ha rett til ein oppsett alderspensjon må du:

  • ha samla opptening på minst tre år i Statens pensjonskasse og eventuelt andre offentlege tenestepensjonsordningar
  • søkje om alderspensjon frå folketrygda når du fyller 67 år

Meir om alderspensjon og tidligare medlem.

Har du rett til ein oppsett uførepensjon fra Statens pensjonskasse?

For å ha rett til ein oppsett uførepensjon må du ha:

  • slutta i stilling med rett til medlemskap etter 01.01.1967 eller seinare
  • samla opptening i Statens pensjonskasse og eventuelt andre offentlege tenestepensjonsordningar på minst tre år
  • fått innvilga uføretrygd i folketrygda 

Du har ikkje rett til oppsett uførepensjon i Statens pensjonskasse mens du mottek arbeidsavklaringspengar (AAP) frå folketrygda.

I samband med nye pensjonsregler frå 1. januar 2020 vert nemninga "oppsett pensjon" óg brukt for aktive medlemmer med opptening fram til 2020.