Bruttopensjon

Bruttopensjon er pensjon berekna på bakgrunn av medlemskapet i SPK før eventuell samordning med folketrygda og andre samordningspliktige ytingar. Denne ordninga gjeld medlemmer som er fødd i 1962 eller tidlegare.

Bruttopensjon er ei ordning som garanterer ei framtidig yting. Denne nemninga nyttar vi om offentleg tenestepensjon som er tent opp fram til 2020 og som gjer ein viss prosent av pensjonsgrunnlaget samla frå folketrygd og tenestepensjon.

I bruttopensjonsordninga utgjer folketrygda og teenestepensjonen til saman omkring 66 prosent av sluttløna, før levealdersjustering, og gjeld dersom du har full opptening i tjenestepensjonen.