Ord og uttrykk

Samordning

Pensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar.

Samordningsfrådrag

Samordning skjer ved at ytingane i folketrygda blir utbetalte i sin heilskap, mens tenestepensjonen blir redusert. Reduksjonen - frådraget - blir berekna med utgangspunkt i det du får utbetalt frå folketrygda. Når vi bereknar samordningsfrådraget legger vi til grunn at folketrygda er tatt ut samtidig med tenestepensjonen frå Statens pensjonskasse.

Dersom pensjonen frå folketrygda er teke ut før tenestepensjonen kan det medføre at vi reduserer tenestepensjonen din med meir enn du får utbetalt i frå folketrygda. 

Ikkje alle vert samordna

Medlemmer fødd i 1962 og tidlegare med opptening før 2020 får ein pensjon som vert samordna med ytingar frå folketrygda. Medlemmer fødd i 1963 og seinere får òg samordna pensjonen dei ha tent opp før 2020. Alderspensjon tent opp etter 2020 vert ikkje samordna med ytingar frå folketrygda for medlemmer fødd 1963 eller seinare.

Samordning med grunnpensjon

I utgangspunktet reduserer vi tenestepensjonen din med ein sum på inntil 75 prosent av grunnbeløpetGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 118 620 kroner per 01.05.2023.Mer om Grunnbeløp (G) i folketrygda (1 G). Vær merksam på at levealdersjusteringLevealdersjusteringPensjonen du har tent opp skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon.Mer om Levealdersjustering kan medføra at vi trekker litt meir enn dette òg.

Dersom du ikkje har full opptening, har jobba deltid eller tek ut delvis pensjon, reduserer vi frådraget for grunnpensjonenGrunnpensjonStorleiken på grunnpensjonen frå folketrygda er avhengig av sivilstand og kor lenge du har vore medlem i folketrygda.Mer om Grunnpensjon forholdsmessig mot desse tre faktorane.

Samordning med tilleggspensjon og eventuelle andre tillegg

Vi reduserer i tillegg tenestepensjonen din med tilleggspensjonen og eventuelle andre tillegg som

  • særtillegg
  • pensjonstillegg
  • minstenivåtillegg

Dersom du har hatt inntekt som ikkje har vore pensjonsgivande i tenestepensjonsordninga, vil vi ikkje gjere frådrag for dette. Vi bereknar ein tilleggspensjon ut frå pensjonsgrunnlaget ditt hos oss. Denne tilleggspensjonen bruker vi i samordninga dersom det gir deg eit lågare frådrag enn den tilleggspensjonen i folketrygda gjer.

Frådrag for tilleggspensjon og pensjonstillegg påvirkas av levealdersjusteringLevealdersjusteringPensjonen du har tent opp skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon.Mer om Levealdersjustering. Særtillegg og minstenivåtillegg er skjerma frå dette.

Dersom du ikkje har full opptening eller tek ut delvis pensjon, reduserer vi frådraga for tilleggspensjonenTilleggspensjonStorleiken på tilleggspensjonen frå folketrygda er avhengig av tidlegare arbeidsinntekt (pensjonsgivande inntekt) og talet på år med arbeidsinntekt.Mer om Tilleggspensjon og særtillegget / pensjonstillegget / minstenivåtillegget forholdsmessig mot desse faktorane.

Samordning med folketrygdbeholdning

Er du fødd i 1954 eller seinare, får du ein del av alderspensjonen frå folketrygda berekna ut frå pensjonsbeholdningen din i folketrygda. Ein like stor del av tenestepensjonen din skal då samordnast med pensjonsbeholdningen, i staden for med grunn- og tilleggspensjon.

Vi reknar om pensjonsbeholdningen til ein samordningsbeholdning og reduserer tenestepensjonen din med 98 prosent av samordningsbeholdningen, etter levealdersjustering. Dersom du ikkje har full opptening eller tar ut delvis pensjon, reduserer vi frådraget for samordningsbeholdningen forholdsmessig etter desse faktorane.

Deretter bereknar vi eit tillegg til pensjonen din, kalla samordningsbeholdningstillegg. Tillegget blir berekna for den same delen av tenestepensjonen som blir samordna med pensjonsbeholdningen i folketrygda.

Fullt samordningsbeholdningstillegg er 2,5 G (G=grunnbeløp i folketrygda) per år. Det skal levealdersjusterast og reduserast dersom du ikkje har full opptjening eller viss du tar ut delvis pensjon.

Andre pensjons- og trygdeytingar  

Vi skal også samordne med ein del andre pensjons- og trygdeytingar, som for eksempel krigspensjon, yrkesskadetrygd og pensjon frå maritim pensjonskasse.

Samordningslova omfattar:

  • tenestepensjonsordningar
  • personskadetrygd
  • ytingar frå folketrygda
  • avtalefesta pensjon (AFP) frå offentleg eller privat sektor