Slik søker du særalderspensjon

Du avgjer sjølv når du ønsker å gå av med pensjon ut i frå aldersgrensa på stillinga di, men nokre medlemmer må gå av ved grensa (til dømes ansatte i Forsvaret).

  1. Finn ut saman med arbeidsgivaren din når du ønsker og har moglegheit til å gå av med pensjon.
  2. Seinast to månadar før du skal pensjonere deg må arbeidsgivaren din sende oss ei melding om pensjon. Pensjonsmelding kan også sendast tidlegare enn to månader før oppstart. Du treng ikkje å sende oss ein eigen søknad i tillegg til pensjonsmeldinga.
  3. Same kor tidleg arbeidsgivaren din sender inn ei melding om pensjon, så vil vi tidlegast stadfeste pensjonssaka seks veker før pensjoneringsdato. 
  4. Arbeidsgivaren din mottek ei kvittering via Altinn. Du mottek ikkje ei stadfesting frå oss, men du kan sjekke om vi har oppretta sak om pensjoneringa di ved å logge deg inn på Min side.
  5. Når søknaden om pensjon er godkjend blir alderspensjonen din utbetalt frå og med den første månaden etter pensjoneringsdato.