AFP og inntekt

I søknaden om AFP er det viktig at du gir oss beskjed om kor mykje du kjem til å tene i tillegg til pensjonen.

Dersom den faktiske inntekta di vil avvike med meir enn 33 841 kroner (0,26 G per 1. januar 2026) per år frå den forventa inntekta du har oppgitt, må du sende oss skriftleg melding. Då reknar vi ut ein ny pensjonsgrad og justerer pensjonsutbetalinga. Vi gjer dette frå det tidspunktet du melder frå om endra inntekt. Vi justerer berre utbetalinga fram i tid. Om du har fått feil AFP over tid, blir dette vurdert når etteroppgjeret for inntektsåret er klart.

Du må melde frå om endring i inntekt

Dersom du tener meir eller mindre enn det du oppgav då du søkte om AFP, må du melde frå om at inntekta di er endra.

  • Før du fyller 65 år
    Du må melde frå til Nav. Du kan sende melding via nav.no. Nav reknar då ut AFP-en din på nytt med ny pensjonsgrad.
  • Frå du fyller 65 år
    Du må melde frå til SPK. Logg inn på «Mine sider» og vel «Skriv til oss» og opplys om ny årsinntekt. Feriepengar som du har tent opp medan du får AFP (delvis eller heil), skal inngå i årsinntekta. Vi reknar ut AFP-en din på nytt med ny pensjonsgrad.

Dersom du har delvis AFP, men skal slutte å jobbe og ta ut heil AFP, får vi melding frå arbeidsgivaren din. Det er likevel viktig at du melder frå til oss om den totale årsinntekta di, inkludert feriepengar som du har tent opp etter at du tok ut AFP første gong. NB: Dette kan vere både feriepengar opptente i tidlegare år og feriepengar frå inneverande år, dersom dei blir utbetalte same året som du sluttar.

Har du allereie AFP, treng du ikkje å sende oss ein ny søknad dersom du skal auke AFP-graden. Det er nok at vi får melding frå arbeidsgivaren din. Du må likevel melde frå om endringar i den forventa inntekta di.

Kva er inntekt?

All pensjonsgivande inntekt i folketrygda kan føre til lågare AFP. Dette omfattar lønnsinntekt, næringsinntekt, feriepengar, arbeidsavklaringspengar og honorar. Ønskjer du meir informasjon om pensjonsgivande inntekt i folketrygda, sjå folketrygdlova.

Første gong du skal ta ut AFP, vil pensjonsgivande inntekt som du har tent opp før uttaket, ikkje påverke AFP-en din. Dette gjeld sjølv om utbetalinga skjer etter at AFP har starta.

Pensjonsgivande inntekt som du har tent opp etter at du tok ut AFP første gong (delvis eller heil), fører til lågare AFP.

Det er skattemyndigheitene som fastset kva inntekt som er pensjonsgivande, og kva inntekt som ikkje er det.

Den månadlege utbetalinga er førebels. Den endelege utrekninga er klar først etter at inntekta du har meldt, er kontrollert mot likninga for året. Du må sjølv sjekke at du har meldt riktig forventa inntekt, og du må sjølv melde frå til oss om endringar i inntekta.

Blir du trekt i lønn for ferie, tek vi omsyn til dette. Vi reknar ut pensjonen etter den inntekta du faktisk har fått utbetalt.

Feriepengar

Har du gått direkte frå full stilling til 100 prosent AFP første gong du skal ta ut AFP, vil feriepengar frå den avslutta stillinga ikkje påverke AFP-en. Dette gjeld sjølv om utbetalinga skjer etter at AFP har starta.

Har du teke ut mindre enn 100 prosent AFP, vil feriepengar som du har tent opp etter at du tok ut AFP første gong, føre til lågare AFP. Du må sjølv passe på at feriepengane er tekne med i inntekta du har meldt til oss.

Døme:

Ola sluttar i stillinga si 31.08.2026 og tek ut 100 prosent AFP. I september 2026 får Ola utbetalt eit sluttoppgjer som inkluderer feriepengar han har tent opp i perioden 01.01.2026 – 31.08.2026. Ola treng ikkje å melde frå om denne utbetalinga, og ho vil ikkje påverke AFP-en hans.

Kari reduserer stillinga si 31.05.2025 frå 100 prosent til 60 prosent og tek ut delvis AFP. Eitt år seinare, 31.05.2026, sluttar Kari i stillinga si og tek ut 100 prosent AFP.

I juni 2026 får Kari utbetalt feriepengar ho har tent opp i 2025. Ho får også eit sluttoppgjer med feriepengar ho har tent opp i perioden 01.01.2026 – 31.05.2026.

Feriepengar som Kari tente opp før ho tok ut delvis AFP 01.06.2025, påverkar ikkje AFP-en. Kari treng ikkje å melde frå om denne inntekta.

Feriepengar som Kari tente opp i perioden 01.06.2025 – 31.12.2025, påverkar AFP-en. Kari må melde frå om dette som forventa inntekt i 2026.

Sluttoppgjeret for perioden 01.01.2026 – 31.05.2026 påverkar også AFP-en. Kari må melde frå om dette som forventa inntekt i 2026.

Utrekning av pensjonsgrad

Beløpet på 33 841 kroner er eit toleransebeløp ved ei eventuell ny utrekning av pensjonen, ikkje eit fribeløp. Når avviket mellom faktisk og forventa inntekt er større enn toleransebeløpet på 33 841 kroner, reknar vi ut pensjonen på nytt. Den nye pensjonsgraden blir rekna ut frå heile den pensjonsgivande inntekta, også toleransebeløpet på 33 841 kroner.

Utrekning av pensjonsgraden skjer slik:

Slik ser du korleis vi kjem fram til pensjonsgraden:
(Forventa framtidig inntekt / tidlegare inntekt*) × 100 = X
Vi stryk desimalane og reknar med heile prosenttal. Pensjonsgraden er lik 100 − X.

Vi reknar ut redusert AFP ved å multiplisere full AFP med pensjonsgraden.

* Tidlegare inntekt blir fastsett av Nav når du tek ut AFP. Tidlegare inntekt blir rekna ut på grunnlag av dei tre beste av dei fem inntektsåra før året før pensjoneringsåret.

Døme 1

Per har starta AFP, men ventar å tene litt på småjobbar det komande året. Forventa framtidig inntekt er 75 000 kroner. Nav har fastsett tidlegare inntekt til 425 000 kroner. Pensjonsgraden til Per blir rekna ut slik: (75 000 / 425 000) × 100 = 17,64. 100 − 17 = 83. Pensjonsgraden til Per er 83.

Etteroppgjer

Når skatteoppgjeret kjem kvart år, gjer vi eit etteroppgjer. Nav reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år. Frå det året du fyller 65 år, er det vi som reknar ut etteroppgjeret.

Om den faktiske inntekta di etter at du starta AFP avvik med meir enn 33 841 kroner frå den inntekta pensjonen din er rekna ut etter, fastset vi ein ny pensjonsgrad. Når vi reknar ut pensjonen på nytt, tek vi med heile inntekta di, ikkje berre det som er over toleransebeløpet. Toleransebeløpet er altså ikkje eit fribeløp. Når vi rettar pensjonsgraden, får du anten etterbetalt pensjon frå oss, eller du må betale tilbake dersom du har fått utbetalt for mykje pensjon.

Døme 2

Per forventa ei framtidig inntekt på 75 000 kroner. Når skatteoppgjeret kjem, viser det seg at inntekta vart litt høgare enn forventa. Inntekta var 88 000 kroner. Forskjellen mellom forventa og faktisk inntekt er 13 000 kroner. Dette beløpet er innanfor toleransebeløpet og fører ikkje til endring i pensjonen.

Døme 3

Per forventa ei framtidig inntekt på 75 000 kroner. Når skatteoppgjeret kjem, viser det seg at inntekta vart høgare enn forventa, og Per har ikkje meldt frå om endra framtidig inntekt. Inntekta var 115 000 kroner. Forskjellen mellom forventa og faktisk inntekt er 40 000 kroner, og dermed over toleransebeløpet på 33 841 kroner.

Per får brev med forklaring på etteroppgjeret. Dersom delar av inntekta skal haldast utanfor etteroppgjeret, må Per dokumentere dette. Sjå sjekklista for kva som må dokumenterast. Dersom heile inntekta skal inngå i etteroppgjeret, blir ny pensjonsgrad: (115 000 / 425 000) × 100 = 27,06. 100 − 27 = 73. Pensjonsgraden til Per er 73. Pensjonen blir endra, og vi vil krevje tilbake pensjonen Per har fått utbetalt for mykje.