Fakta om Statens pensjonskasse
Vi administrerer tenestepensjon for ein million nordmenn og over 1 300 verksemder. Kvar månad sørgjer vi for at 331 000 pensjonister får utbetalt pensjon. Vi administrerer også forsikringsordningar og bustadordning på vegne av staten.
Statens pensjonskasse (SPK) er ei forvaltingsbedrift under Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Vi administrerer også Pensjonsordningen for apotekvirksomhet, samt særskilte pensjonsordningar for blant anna Den Norske Opera & Ballett, stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer, Sametinget og ledsagarar i utenrikstenesta.
Ordningane er ein viktig del av sparing til alderspensjon, ei forsikring ved uførleik og tryggleik for etterlatte ved dødsfall.
Samfunnsoppdraget vårt
Vårt samfunnsoppdrag er nedfelt i Lov om Statens pensjonskasse. Oppgåvene våre blir definert i instruks og det årlege tildelingsbrevet frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Vi mottek tildelingsbrevet i desember, etter at Stortinger har vedteke statsbudsjettet. Sjå Tildelingsbrev for SPK for 2024 (.pdf)
Vi skal:
- Sikre rettigheter gjennom god forvaltning
Det inneber at vi skal utbetale korrekt pensjon til rett tid, og fastsette og krevje inn rett premie til rett tid. - Ha tilgjengelege tjenester med god service
Det inneber at medlemmer og medlemsverksemder opplever å få korrekt og enkel informasjon og brukervennlige digitale tenester. - Vere effektive og skape meirverdi for samfunnet
Det inneber blant anna auka digitalisering og automatisering, og at vi skal utnytte postensiale i deling av data.
Nøkkeltal og statistikk
SPK administrerer opptente pensjonsrettar for 729 milliardar kroner. I 2023 utbetalte vi 36,1 milliardar kroner i pensjonar.
Vi administerer også forsikringsordningar på vegner av staten. I 2023 utbetalte vi 427 millionar kroner i personskade- og gruppelivserstatning.
Medlemmer og pensjonistar kan søke om bustadlån på inntil 2 300 000 kroner med sikkerheit i eigen bustad. Ved utgangen av 2023 hadde 49 400 personer bustadlån i SPK
Nøkkeltal for Statens pensjonskasse
Leiande på offentlig tenestepensjon
Vår verksemdidé er at SPK skal vere leiande på offentleg tenestepensjon. Vi leverer pensjon, forsikring og bustadlån effektivt til forventa kvalitet og avtalt tid, og har leiande kompetanse på offentleg tenestepensjon og digitalisering.
Strategi: Saman for brukarane
Mange synest pensjon er vanskeleg. Brukarane forventar stadig meir av oss; meir innsikt, meir informasjon, meir sjølvbetening. Samtidig gjer pensjonsreforma ting meir kompliserte og aukar informasjonsbehovet.
SPK si hovudoppgåve er å gjere kvardagen enklare for medlemmer, medlemsverksemder og eigarane våre. Vår visjon og leiestjerne er derfor: vi gjer pensjon enkelt.
Gjennom innsikt i brukarane sine behov utviklar vi gode digitale løysingar og skapar heilhetlege brukaropplevingar, også i samarbeid med andre. Slik sikrar vi tryggleik for brukarane og god verdi for myndigheiter og samfunn.
Strategien tek utgangspunkt i samfunnsoppdraget vårt, og set rammene for korleis dette skal løysast framover. Fire strategiske ambisjonar set retning for kva me skal satsa på i åra som kjem, og vil vera førande for retningsvala og prioriteringane våre.
Våre strategiske ambisjonar
- Vi skal gjera det enkelt for medlemmene å ta opplyste pensjonsval
- Vi skal gjera det lettare for medlemsverksemdene å administrera pensjonsøkonomien sin
- Vi skal bruka data, analyse og ny teknologi på ein smart måte
- Vi skal utnytta kompetansen vår og spela kvarandre gode
Våre verdiar
- Brukarorienterte: Vi kjenner brukarane sine behov og skaper gode og heilheitlege brukaropplevingar.
- Pålitelege: Vi er til å stole på og held det vi lovar. Vi er ein del av fellesskapet, er etterrettelege og effektive.
- Framoverlente: Vi er engasjerte og spiller på lag med kollegaer, brukarane og samfunnet. Vi søker gode, framtidsretta løysingar.
Vi har valt å ikkje ha ei eksakt tidsavgrensing for strategien vår. Den blir evaluert årleg, og blir justert ved behov.
Organisasjonsnummer
Vårt organisasjonsnummer er 982 583 462.
Leverandørar som sender faktura må alltid bruke dette nummeret.