Her finn du oss
Statens pensjonskasse held til i Verkstedveien 1 på Skøyen i Oslo.
Vi har heile andre og tredje etasje i eit seksetasjes fleirbruksbygg som blir kalla Monier - fordi det er bygt på tomta der Oslo Monier- og Cementvarefabrik eingong låg.
Vi tek diverre ikkje imot uanmeldt besøk frå publikum, men kontakt oss gjerne på telefon 22 24 15 00 eller via kontaktskjema (krev innlogging).
Vi tek diverre heller ikkje i mot dokumentasjon i lokala våre. Vi ber alle som ønskjer å sende oss fysisk dokumentasjon til å sende dette til Statens pensjonskasse, postboks 10 Skøyen, 0212 Oslo.
Monierbygget sett frå trikkehaldeplassen Thune i Drammensveien.
I Verkstedveien 1 held vi til i andre og tredje etasje. Foto: Ilja C. Hendel
Luftige og stilreine overflater i lobbyen i første etasje. Foto: Kristian Owren/ifi.no.
Monierbygget har eigen kaffebar i inngangspartiet og stor kantine. Foto: Ilja C. Hendel