Særalderspåslag
Særalderspåslag er eit livsvarig tillegg til alderspensjonen for personar med særaldersgrense (aldersgrense lågare enn 70 år). Gjeld for dei som er fødde i 1963 eller seinare.
Tilsette med særaldersgrense som vel å gå av ved særaldersgrensa, har kortare tid til å tene opp pensjon i tenestepensjonsordninga enn dei som står i jobb lenger. Særalderspåslaget skal kompensere for manglande pensjonsopptening for dei som må eller vel å slutte tidleg.
Vilkår for å få særalderspåslag
For å få særalderspåslag må du enten ha
- motteke tidlegpensjon, eller
- jobba minst 20 prosent i ei stilling med særaldersgrense i 10 av dei 15 siste åra før særaldersgrensa, eller før du pensjonerer deg
Når kan du ta ut særalderspåslag
- Mottek du tidlegpensjon vert påslaget utbetalt etter overgang til alderspensjon ved 67 år. Du treng ikkje søke.
- Om du vel å ikkje ta ut tidlegpensjon, kan du starte uttak av påslaget tidlegast månaden etter at du har fylt 62 år. Du må samtidig redusere stillinga di med minst 10 prosent av en full stilling. Du må sjølv søke om særalderspåslag. Du kan ikkje søke om særalderspåslag tilbake i tid.
Særalderspåslaget er eit livsvarig tillegg til alderspensjonen. Utbetalinga kan likevel verte redusert, sjå meir under «Reduksjon av særalderspåslag».
Storleiken på særalderspåslaget
Særalderspåslaget utgjer ein prosentdel av pensjonsgrunnlaget i stillinga med særaldersgrense. Prosentdelen er knytt til særaldersgrensa i den siste stillinga du arbeidde i:
- 65 år: 5,8 prosent av pensjonsgrunnlaget
- 63 år: 6,5 prosent av pensjonsgrunnlaget
- 60 år: 7,7 prosent av pensjonsgrunnlaget
Reduksjon av særalderspåslaget
Særalderspåslaget kan verte redusert av to årsaker:
Inntekt samtidig med særalderspåslag
Når du får særalderspåslag, fastset vi ei inntektsgrense. Dersom du har inntekt som er høgare enn inntektsgrensa samtidig med særalderspåslaget, vert påslaget redusert. Vi bereknar reduksjonen når skatteoppgjeret for året er klart. Om påslaget blir redusert for inntekt, gjeld reduksjonen frå den nye berekninga er klar.
Døme: Du har hatt inntekt over inntektsgrensa i 2026. Skatteoppgjøret for 2026 er klart hausten 2027, og vi bereknar reduksjon og nytt særalderspåslag frå 1.januar 2028.
Seint uttak av særalderspåslag
Særalderspåslaget skal reduserast om du ikkje har tidlegpensjon, og ventar til etter fylte 65 år med å ta det ut. Då vert påslaget redusert med 1/36 for kvar månad du ventar med uttaket etter fylte 65 år.
Døme: tek du ut særalderspåslag når du fyller 66 år (utan tidlegpensjon), vert påslaget redusert med 12/36 = 1/3.
Begge typane reduksjon gjeld permanent.
Om inntektsgrensa
Har du slutta heilt å jobbe og mottek fullt særalderspåslag, er inntektsgrensa 1 GGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 130 160 kroner per 01.05.2025.Mer om Grunnbeløp (G). Den gjeld for eit kalenderår.
Fortset du å jobbe i offentleg sektor, får du delvis særalderspåslag. Då vert inntektsgrensa 1 G + lønn i reststilling.
Slik søker du særalderspåslag
Mottek du tidlegpensjon, vil du automatisk få særalderspåslag utbetalt når du går over til alderspensjon.
Om du ikkje har rett til tidlegpensjon, eller vel å ikkje ta den ut, må du søke om særalderspåslag. Ta kontakt med oss på telefon 22 24 15 00 for søknadsskjema.