Levealdersjustering
Pensjonen du har tent opp skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon.
- Alle som er født i 1943 eller seinare vil få alderspensjonen sin levealdersjustert. Dette gjeld både for folketrygda og offentleg tenestepensjon.
- Offentleg AFP skal ikkje levealdersjusterast, dette skjer fyrst ved overgang til alderspensjon ved fylte 67 år (gjeld viss du er fødd 1962 eller før).
- Særalderspensjon skal ikkje levealdersjusterast før ved overgang til alderspensjon ved fylte 67 år.
- Viss du er fødd 1963 eller seinare, kan du ta ut vanleg alderspensjon før fylte 67 år. Då skal den levealdersjusterast.
- Uførepensjon skal ikkje levealdersjusterast, heller ikkje uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar i folketrygda. Men ved 67 år blir ytingane omstøytt til alderspensjon og den skal levealdersjusterast.
Kvifor levealdersjustering?
Folk blir stadig eldre, og fleire år med pensjon gir auka pensjonskostnader. Samtidig blir det stadig færre yngre arbeidstakarar som skal finansiere pensjonsordningane gjennom å betale skatt. Levealdersjusteringa er innført for å redusere denne kostnadsauken og for å stimulere arbeidstakarar til å stå lenger i arbeid.
Bereknar forventa levealder
Innan juli det året eit årskull fyller 61 år, reknar Statistisk sentralbyrå (SSB) ut kullet sin forventa levealder. SSB skil her ikkje på kvinner og menn og heller ikkje på ulike yrkesgrupper. Levealdersjusteringa påverkar storleiken på den årlege pensjonsutbetalinga, ikkje kor lenge du får utbetalt pensjon – den varer livet ut. Lever du lenger enn den forventa levealderen for ditt årskull, får du altså framleis utbetalt alderspensjon.
Levealdersjustering i offentleg tenestepensjon
Viss du er fødd 1963 eller seinare:
Alderspensjon opptent frå og med 01.01.2020 levealdersjusterast med eit delingstalDelingstal / delingstallDelingstalet fortel kor mange år ein person i årskullet kan forvente å leve etter å ha gått av med pensjon.Mer om Delingstal / delingstall, på same måte som i folketrygda.
Var du medlem i offentlege tenestepensjonsordningar før 01.01.2020, vil du få alderspensjon opptent i denne tida utbetalt som ein egen pensjon. Denne pensjonen levealdersjusterast med justeringstalJusteringstallAlderspensjonen skal levealdersjusteres slik at den enkeltes pensjon blir justert for endringer i befolkningens levealder. Da bruker vi justeringstall.Mer om Justeringstall.
Viss du er fødd 1954 - 1962:
Alderspensjonen blir levealdersjustert med eit delingstal på to måtar slik som i folketrygda: Ein del av pensjonen blir delt på eit forholdstalForholdstal / forholdstallPensjonen din skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Mer om Forholdstal / forholdstall og ein del blir delt på eit justeringstal. Året du er fødd avgjer kor store delar av pensjonen som skal delast på forholdstal og justeringstal.
Til dømes får dei som er fødd i 1954 9/10 av pensjonen levealdersjustert med forholdstal og 1/10 av pensjonen levealdersjustert med justeringstal. Dei som er fødd i 1955 får 8/10 av pensjonen levealdersjustert med forholdstal og 2/10 levealdersjustert med justeringstal. Delane endrast så med 1/10 for kvart årskull, så dei som er fødd i 1962 får 1/10 av pensjonen levealdersjustert med forholdstal og 9/10 av pensjonen levealdersjustert med justeringstal.
Viss du er fødd 1953 eller tidlegare:
Når den offentlege tenestepensjonen skal levealdersjusterast, blir pensjonen delt på eit forholdstal. Som medlem i Statens pensjonskasse får du 66 prosent av pensjonsgrunnlaget dersom du har full opptening, som er 30 år. Deretter skal pensjonen levealdersjusterast. Det betyr at pensjonen kan bli lågare enn 66 prosent av pensjonsgrunnlaget.
Eksempel – ein person fødd i 1953
- Tek ut tenestepensjon som 67-åring
- Pensjonsgrunnlag: 500 000 kroner
- Brutto pensjon (66 prosent av pensjonsgrunnlag)* = 330 000 kroner
- Forholdstal: 1,055
- Alderspensjon frå Statens pensjonskasse etter levealdersjustering* = 312 796 kroner
* Før samordningSamordningPensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar. Mer om Samordning med alderspensjonen frå folketrygda.
Levealdersjustering i folketrygda
Pensjonen blir levealdersjustert ved å dele den på eit forholdstal eller eit delingstal. Det er oppteningsmodellen som gjeld for årskullet ditt, som avgjer kven av desse tala som skal nyttast. Dersom du tener alderspensjonen i folketrygda etter alleårsregelenAlleårsregelenGrunnprinsippet er at den totale alderspensjonen du får er bygd på all oppteninga gjennom åra som medlem i folketrygda og hos oss.Mer om Alleårsregelen, tener du opp ei pensjonsbehaldning. Då skal alderspensjonen din reknast ut (levealdersjustert) ved hjelp av eit delingstal. Denne modellen gjeld delvis for årskulla 1954 – 1962 og heilt for dei som er fødd 1963 eller seinare.
Eksempel – ein person fødd i 1963
- Går av med pensjon som 67-åring
- Pensjonsbehaldning: 4 000 000 kroner
- Vurdert delingstal: 15,91
- Årleg alderspensjon etter levealdersjustering = 4 000 000 / 15,91 = 251 414 kroner
Hvis du tener opp alderspensjonen i folketrygda etter besteårsregelenBesteårsregelenBesteårsregelen er den gamle oppteningsmodellen i folketrygda, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra du har hatt høgast løn. Besteårsregelen skal gradvis fasast ut, men gjeld framleis for nokre årskull.Mer om Besteårsregelen, får du berekna ein årleg basispensjonBasispensjonBasispensjon dannar grunnlaget for berekning av alderspensjonen frå folketrygda.Mer om Basispensjon. Denne blir levealdersjustert ved at den blir delt på eit såkalla forholdstal. Denne modellen gjeld heilt for dei som er fødd 1953 eller tidlegare og delvis for årskulla 1954-1962.
Eksempel – ein person fødd i 1953
- Går av med pensjon som 67-åring
- Årleg basispensjon: 219 677 kroner
- Vurdert forholdstal: 1,055
- Årleg alderspensjon etter levealdersjustering = 219 677 / 1,055 = 208 224 kroner
Delingstal og forholdstal har altså same oppgåve – å berekne pensjonen etter levealdersjustering. Tala er ulike fordi dei er knytte til forskjellige oppteningsmodellar.
Individuell garanti
Levealdersjusteringa gjer at pensjonen kan bli mindre enn 66 prosent av sluttlønna sjølv om ein har full opptening. Det er derfor vedteke at medlemer av offentlege tenestepensjonsordningar som er fødde i 1958 eller tidlegare, og som i 2011 har 15 år eller mindre igjen til dei fyller 67 år, skal få ein individuell garantiIndividuell garantiMedlemer av offentlege tenestepensjonsordningar, som er fødde i 1958 eller før, er sikra at dei får 66 prosent av pensjonsgrunnlaget når dei fyller 67 år. For å få 66 prosent av pensjonsgrunnlaget, må du ha full oppteningstid på 30 år.Mer om Individuell garanti.