Når kan du gå av med alderspensjon?
Du kan som hovudregel ta ut alderspensjon frå Statens pensjonskasse frå månaden etter at du har fylt 67 år. Ønskjer du det, kan du halde fram i jobb fram til du fyller 72 år, som er aldersgrensa i staten. Du kan òg jobbe lenger dersom arbeidsgivaren din godkjenner det.
Kan du gå av før 67 år?
I nokre tilfelle kan du gå av før du fyller 67 år. Det gjeld dersom du har ei stilling med lågare aldersgrenseAldersgrenseAldersgrensa følgjer den stillinga du er tilsett i og er det tidspunktet du må slutte i stillinga. Dei fleste stillingar har ei aldersgrense på 72 år. Mer om Aldersgrense enn 72 år. Ei slik særaldersgrense kan vere 65, 63 eller 60 år. Du kan då ta ut alderspensjon inntil tre år før aldersgrensa som gjeld for stillinga di, dersom summen av alderen din og oppteningstidaOpptening / opptjening / tenestetid / tjenestetidDen tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar blir kalla oppteningstid eller tenestetid.Mer om Opptening / opptjening / tenestetid / tjenestetid di er minst 85 år.
Du kan òg ha rett til avtalefesta pensjon (AFP). For deg som er fødd i 1962 eller tidlegare, er AFP ei tidlegpensjonsordning som kan takast ut frå fylte 62 år og fram til du fyller 67 år. Når du fyller 67 år, blir AFP avslutta, og du går over til vanleg alderspensjon.
Alderspensjon frå folketrygda
Folketrygda har andre reglar for uttak av alderspensjon enn Statens pensjonskasse. Du kan ta ut alderspensjon frå folketrygda frå du fyller 62 år. Når du fyller 67 år og tek ut alderspensjon frå SPK, skal pensjonen samordnastSamordningPensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar blir samordna med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer korleis pensjonen frå folketrygda og dei offentlege tenestepensjonsordningane skal fordelast.Mer om Samordning med alderspensjonen frå folketrygda.
Vi samordnar då med den summen du ville fått i alderspensjon frå folketrygda dersom du tok ut denne samtidig med tenestepensjonen frå SPK. Tek du ut alderspensjon frå folketrygda før fylte 67 år, vil du derfor som regel få lågare samla utbetaling frå folketrygda og SPK etter fylte 67 år enn om du ventar.
Ver derfor merksam på: Uttak av alderspensjon frå folketrygda før uttak av tenestepensjon frå SPK vil nesten alltid gi lågare samla årleg pensjon. Bruk pensjonskalkulatoren vår for å sjå kva dette kan bety for di pensjon.
Dersom du sluttar å jobbe før fylte 67 år
Tek du ut alderspensjon frå folketrygda og sluttar heilt i ei stilling som gir medlemskap i Statens pensjonskasse, mistar du retten til vidare medlemskap. Du blir då tidlegare medlem, men tek med deg rettane du allereie har tent opp. Les meir om dette på sida for tidlegare medlemmar.
Dersom du held fram i jobb og tek ut alderspensjon
Tek du ut alderspensjon frå folketrygda og held fram i ei medlemspliktig stilling, beheld du medlemskapet og rettane som følgjer med. Du har framleis rett til alderspensjon frå Statens pensjonskasse dersom du held fram i stillinga fram til du tek ut pensjon frå oss etter fylte 67 år.
Ver likevel merksam på at tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda kan få konsekvensar for storleiken på tenestepensjonen frå SPK. Les meir om kva som skjer dersom du held fram i jobb etter fylte 67 år.