Slik reknar vi ut særalderspensjonen din

Desse reglane gjeld for mange som har særaldersgrense, men ikkje alle. Sjå under for kva som gjeld for deg.

Desse reglane gjeld for: 

  • Alle fødd 1962 eller før uansett særaldersgrense
  • De fødd i 1963–1964 som har særaldersgrense 65 år
  • De fødd i 1963–1966 som har særaldersgrense 63 år
  • De fødd i 1963–1969 som har særaldersgrense 60 år

Du kan få ei berekning viss du tek kontakt med oss (krev innlogging), eller om du melder deg på eit av kursa våre: spk.no/kurs-og-foredrag

Viss du ikkje er omfatta av desse reglane, kan me førebels ikkje seia heilt sikkert korleis særalderspensjonen skal bereknast. Me vil leggja ut meir informasjon når regelverket er klart.

Dette må du gjera for å få rett til særalderspensjon

Viss du jobbar i ei medlemspliktig stilling med særaldersgrense, kan du ha rett til særalderspensjon etter eit års oppteningstidOpptening / opptjening / tenestetid / tjenestetidDen tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar blir kalla oppteningstid eller tenestetid.Mer om Opptening / opptjening / tenestetid / tjenestetid. Viss du er tidlegare medlem, må du ha jobba i tre år for å få rett til særalderspensjon. 

Det er som hovudregel aldersgrensa i den siste medlemspliktige stillinga du har jobba i som avgjer om du har rett til særalderspensjon og når du kan gå av med pensjon. Men byter du jobb til ei stilling med lågare aldersgrense enn den du hadde tidlegare, må du jobba i den nye stillinga i tre år før du får rett til særalderspensjon etter den lågare aldersgrensa. Sluttar du før det har gått tre år, er det aldersgrensa i stillinga du jobba i tidlegare som gjeld.

Storleiken på pensjonen din avheng av

Full særalderspensjon utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget dersom du har full oppteningstid, som er 30 år.

Forsørgjer du barn under 18 år kan du få barnetillegg.

Døme:

  • Går av med pensjon som 60-åring
  • Pensjonsgrunnlag: 500 000 kroner
  • Oppteningstid: 25 år
  • Stillingsstorleik: 100 %

Årleg særalderspensjon* = 500 000 x 66 % x 25/30 = 275 000 kroner
*Før samordning med folketrygda

Særalderspensjon og inntekt

Les meir om inntekt i samanhang med særalderspensjon på denne sia. Reglane for særalderspensjon og inntekt er dei same for alle som er fødd i 1962 eller før, og for nokon av dei som er fødd 1963 til og med 1969. Sjå detaljar om dette øvst på denne sia. 

Samordning

Pensjonen frå Statens pensjonskasse er ein tenestepensjon og skal samordnastSamordningPensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar. Mer om Samordning med eventuell pensjon frå folketrygda, til dømes uføretrygd. Får du alderspensjon frå folketrygda, skal pensjonen likevel ikkje samordnast før du fyller 67 år.

Har du teke ut særalderspensjon, vil han frå månaden etter at du har fylt 67 år bli omrekna til «vanleg» alderspensjon.