Utbetaling av avtalefesta pensjon (AFP)

Nedanfor kan du sjå ei nærare forklaring av dei ulike omgrepa som blir brukte for å berekna AFP. I tillegg kan du lesa om utbetaling av AFP.

AFP frå Statens pensjonskasse (SPK) utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget dersom du har full oppteningstid.

Pensjonsgrunnlag

PensjonsgrunnlagetPensjonsgrunnlagPensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bli berekna ut frå.Mer om Pensjonsgrunnlag er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskott av, og som pensjonen din blir utrekna ut frå. Normalt er pensjonsgrunnlaget det same som lønn pluss godkjende tillegg. Lønn inntil 12 GGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 124 028 kroner per 01.05.2024.Mer om Grunnbeløp (G) er del av pensjonsgrunnlaget. Om du har jobba heiltid eller deltid, er også med på å avgjere storleiken på pensjonsgrunnlaget.

Oppteningstid

OppteningstidaOpptening / opptjening / tenestetid / tjenestetidDen tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar blir kalla oppteningstid eller tenestetid.Mer om Opptening / opptjening / tenestetid / tjenestetid er den tida du har vore medlem av SPK eller ei anna offentleg tenestepensjonsordning omfatta av overføringsavtalenOverføringsavtalenHar du vore medlem av fleire offentlege tenestepensjonsordningar, vil den norske overføringsavtalen sikre at dei ulike periodane blir slått saman.Mer om Overføringsavtalen. Full oppteningstid er 30 år. Er oppteningstida kortare, blir pensjonen rett avpassa. 

Barnetillegg

For kvart barn under 18 år du forsørger, får du eit barnetilleggBarnetilleggDersom du som pensjonist forsørgjer barn under 18 år, kan du ha krav på tillegg i pensjonsutbetalinga.Mer om Barnetillegg på 10 prosent. Pensjonen inkludert barnetillegg kan likevel ikkje overstige 90 prosent av pensjonsgrunnlaget. 

Pensjonsgrad

Pensjonsgraden blir utrekna etter forholdet mellom stilling eller inntekt du hadde før pensjonering og eventuell framleis inntekt.

Samordningsfrådrag

Vi samordnar pensjonen frå SPK med blant anna ytingar frå folketrygda. Det tyder at vi gjer frådrag i pensjonen frå SPK Samordningsfrådraget viser samla frådrag som følgje av samordningSamordningPensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar. Mer om Samordning.

Inntekt

Du kan ha ei viss inntekt i tillegg til AFP, men slik inntekt kan redusere pensjonen etter regler for inntektsprøving. 

Meir om AFP og inntekt.

Regulering av pensjon

Pensjonen din blir regulertReguleringPensjonsrettane dine blir regulerte kvart år slik at dei opprettheld verdien over tid. Reguleringen tar utgangspunkt i eit snitt av løns- og prisveksten i samfunnet.Mer om Regulering årleg. AFP under utbetaling blir først regulert i samsvar med den vanlege lønnsvoksteren. Deretter blir den oppregulerte pensjonen redusert med 0,75 prosent. Pensjonsgrunnlaget blir regulert på nytt frå månaden etter fylte 65 og 67 år. Pensjonsgrunnlaget blir da regulert med lønnsvekst.

Får du to eller fleire utbetalingsbrev?

Har du for eksempel både alders- og attlevandepensjon frå SPK, vil du motta to utbetalingsbrev. Samla pensjon vil vere summen av pensjonane i dei to breva.

Utbetaling

Pensjonen frå SPK blir utbetalt månadleg frå NAV saman med eventuelle ytingar frå folketrygda. Dei informerer om forhold ved sjølve utbetalinga - til dømes skatt. Du kan lese meir på nettsidene deira nettisdar www.nav.no